![]() |
||||
|
Torsdag – den siste dagen i august På heimveg.
Eg gjeng målretta mot reportasjebilen. Ein godt vaksen kar frå Skeie i Eiken he gjort det same. Det kan vere greit å ha eit stødig fundament å halde seg i med den venstre handa, når den høgre handa skal styre vasslatinga. På denne måten fær me spylt det meste av vegstøvet bort frå reportasjebilen. Logoen vert på ny synleg, og det er himla viktig i denne kommersialiserte kvardagen. Me nevast, eg og Eikdølen. Me ynskjer kvarandre ei god heimreise og ei god nått. Eikdølen er mest oppteken av heimreisa. Ryggsekken er tom og Trudy he stengd ølsalet. Nær 1000 mennesk fann altså vegen til Nåvassdammen på kanskje den varmaste, klåraste og finaste sumarkvelden me he opplevd så langt. Ikkje det mest avanserte og påkosta lysanlegget i heile verda kan måle seg med ljoset som syner seg på Vesthimmelen når naturkreftene og Vår Herre spelar på lag. Slik var det denne kvelden. Kva er det som fær folk i hopetal, frå dei fleste røystekrinsane på Sørlandet, til å valfarte inn i fjellheimen på denna måten.? Svaret finnast truleg ikkje hjå moisund.co. Svaret ligg nok på ein server på eit mykje høgare nivå enn hjå oss. Kan hende er vanleg sunne, friske og oppegåande menneskje i ferd med å gå lei av nyfødde løveunger, kaptein Sabeltann, Cultiva eller Capuchino på ein fortausrestaurant i Markensgata. På toppen av dammen, med enorme vassmengder på den eine sida – og juvet på hi sida, var det Knut (78), frå New Jersey, som kom med dagens gullkorn.( Knut Lindefjell) Midt mellom prominenser og nobiliteter steig han fram på ein stein. Den vesle lekamen med den enorme cowboyhatten. ” Just a moment” sa Knut med ei blanding av lokalt tonefall – og amerikansk talemål. Inntrykka og minnene vart så sterke der oppe i fjellheimen. Medan sola gøymde seg bak eit eller anna fjellmassiv borte på Stavangerkanten ein stad. Knut bad møtelyden heve glaset og oppmoda alle om ein felles skål. Alle lyfta glaset, vende blikket mot solnedgangen og nikka til Knut. Bussjåførane lyfta kvar si flaske med ”Bon Aqua”. Det gjer vel omtrent same nytta. I alle fall i slike høve. Då eg kom attende til Eikerapen, ei gong kring klokka halv eitt på nåtta, var det eit yrande liv i teltleiren. Dei yngste gutane og jentene avsluttar ikkje festen på denne tida av døgeret. Det er då festen byrjar. Frå nokre telt høyrdes gitarspel og livleg allsong. Andre krangla høglytt om ein mobiltelefon. I det næraste teltet, på andre sida av gardsvegen – der kunne eg høyre at dei dei øksla seg. Det buldrar meir når folk økslar seg på festival. Festivalfolk er frigjorde. Det he eg lest mykje om i Fevennen. Før i tida, då det var Quartfestival i byen. Det er ufatteleg kor mykje du kan oppleve når du stend på utsida av ein teltplass slik, midt på nåtta. På Eikerapen.
|
|
|||