Lokale heltar på Hovudscena

”Camedar” frå Evje og Setesdal hausta mykje fagnad.


Camedar får nokre god råd frå Bjarne Brøndbo i DDE før dei entrar scenen

Tidlegare i år vann dei den store musikktevlinga ”Høgspent”. Laurdagskvelden  slapp dei til på hovudscena på Eikerapen. Vakthavande journalist he ikkje vidsyn nok til å setje namn på musikken dei spela. Det svinga skikkeleg og fleir og fleir tok oppstilling framføre scena. Så kom telelinsene og blitzlampene opp av svarte skinnvesker. Røynde musikkjournalistar frå meir urbane strok skjøna straks at her var det tale om meir enn eit vanleg bølgjeband frå Regionsenteret. Gutane frå Evje vekte mykje åtgaum. Spele kan dei i alle fall, Det skal dei ha.

 

 

 


Redaksjon: Øystein Moi og Odd Helge Liestøl