![]() |
||||
|
Festivallivet er tøft Må halde lekamen i form.
Fleire dagar på festival slit hardt på lekamen. Medan einskilde ligg i teltet og purkar og søv mellom øktene – er det andre som ser det meir naudsynt å vedlikehalde både blodpumpa og krinslaupet. Bjørn Maaseide, ein verdskjend volleyballspelar, hadde teke turen til Eikerapen denne helga. Klokka 18:00 vert det skipa til volleyballkamp på ”Eikerapen Beach.” På det eine laget stiller ordførar Ljosland og den alt omtala Maaseide. På hi sida av nettet, men i same sandhola, stiller gutane i D.D.E. Ein halvtime før kampstart kjem evig unge Bjarne Brøndbo bort til redaksjonen. Guten he fenge problem med den eine bakfoten og må melde forfall til storkampen. Slikt skjer med artistar på høgt, nasjonalt nivå. For Bjarne, og publikum, er det sjølvsagt konserten i kveld som er det viktigaste. Sjølve kampen vart eit forrykande oppgjer. Truleg den tøffaste kampen i Åseral sidan den gong Åsdølar og Honndølar møttast til holmgang på Røynlidbruna. Ja, det vart ein jamn og spanande kamp.Då domaren blåste i fløyta synte opptelinga at duoen Maaseide / Ljosland hadde vunne ein knepen seier. Folk stod tettpakka kring sandhaugen og applausen lot ikkje vente på seg. Eit populært innslag mellom dei musikalske høgdepunkta.
|
|
|||