![]() |
||||
|
Festen er snart øve
Fire dagar, kveldar
og netter med festival gjeng mot ein slutt. Det he vore arbeidsøkter på
opp til 15 timar. Sterke inntrykk. Mykje moro. Lærerikt og til tider ein
kamp mot naturkreftene. Moisund.com he med fullt overlegg fokusert mest
på folka ”bak” festivalen. Slitarane, dugnadsgjengem og artistane som
ennå he eit bel att til dei vert å finne på VG lista.. Dei meir kjende
artistane let me gå i fred. Andre, store bladstover lyt take seg av
slikt. Me he etter beste evne freista å skildre noke av stemninga her
oppe i bygda. Bygda med 7 innbyggjarar og ei veldressert bikkje. Bygda
der heile 6 av dei 7 fastbuande ynskjer festivalfolket hjarteleg
velkomne attende neste år. Sjølvsagt he me fokusert på det positive.
Nett no sviv Bjarne Brøndbo rundt i redaksjonen. Framføre han ligg ein konsert og eit sceneshow som berre gjengen frå Namsos kan prestere. Utanfor glaset strøymer folk til i hopetal. Fleire tusen kjem til å stemme i når D.D.E dreg i gong med ”Vinsjan på kaia” eller ” Her blir det liv..” Bjarne veit alt om detta. Ein røynd mann. Roleg, smilande og avslappa. Ikkje meir nervøs enn når ein Honndøl i 50 åra gjer seg klår for morgontoalettet. Slik er artistlivet. Slik er journalistyrket. Me vonar Dykk he hatt nokre gilde stunder i hop med moisund.com – frå Eikerapen. Me gjer det på vår eigen måte. Som vanleg.
|
|
|||