![]() |
||||
|
Tommy Dale frå Hannåsfeltet Skal syte for at artistane he det greit på Eikerapen.
Tommy Dale er med på Rootsfestivalen for 5. året på rad. Ein røynd og lågmælt Honndøl. Det er ikkje tilfeldig at Tor Åge Eikreapen he plukka ut denne karen til å vere leiar for bolken som vert kalla ”Artistservice”. Det er Tommy og gjengen som skal syte for at alle dei landskjende artistane som kjem til bygda skal ha det greit på alle vis. Her er det logistikk på høgt plan og sprudlande drykk i høge glas. Tommy er på fornamn med ”dei store gutane” og veit stor sett kva kvar einskild ynskjer seg. Greie og lettvinte folk å ha med å gjere, seier guten som veit kva Bjarne Brøndbo skal ha på stompeskjeva og kva slag tannkrem blueslegenda Reidar Larsen bruker. I morgon skal han take hjarteleg i mot Kari Bremnes og fylgje ho beinveges inn til ”the dam” – langt inne i fjellheimen. Tommy veit kva parfyme ho bruker, men han vil ikkje røpe slikt. Tommy er proff.
|
|
|||