Konserten med m.a. Kari Bremnes og Anne Marie Almedal var nok for mange rekna som eit av høgdepunkta under årets festival.  Det vart slik. Ikkje berre på grunn av artistane, men like mykje på grunn av den fantastiske ramma rundt heile tilskipinga. Veret synte seg frå si aller beste side. Sjølvaste ordføraren i bygda, Oddmund Ljosland, bad i velkomsthelsinga si publikum gjeve ein velfortent applaus til vergudane. Den eine busslasta etter den andre kom tøffande inn øve den støvete grusvegen. Ut kom feststemde ungdomar i alle aldre. Nokre med sekk på ryggen og fjellsko på føtene. Andre hadde pynta seg i sin finaste stas. Det var duka for fest under Nåvassdammen. Anny hadde fyr på kaffebålet og i små telt vart det servert kald drykk til nedstøva struper. Snart kjende du eimen av både fiskesuppe og elgsuppe. Det blinka i blitzlamper og blanke augo. Så kom Kari Bremnes, om enn noke forsinka. Ho gav alt - og det er ikkje så reint lite. Det vart ei høgtidsstund.  Medan festivalfolket førebudde seg på heimveg og ei natt i telt eller campingvogn, så rykka neste arbeidslag inn på stemneplassen. Ryddegjengen gjorde seg klar til nattskift. Det vert alltid eit og anna å rydde opp når fleire hundre mennesk he hatt det så gildt.....

 
Under the dam 2008 from Moisund dot com on Vimeo.







  

 


Redaksjon: Øystein Moi og Odd Helge Liestøl