Logo
Maskinsalg Honda1

Kurs hausten 2010

bygdefolkets logo

Bygdefolkets Studieforbund

Landbrukstilskot

Netthandel

september 2010
m ti o to f l su
« aug    
 12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
27282930  

Foto Flickr

Kronprinsvitjing114

Kronprinsvitjing113

Kronprinsvitjing112

Kronprinsvitjing111

Kronprinsvitjing110

Fleire foto

Panelhvitt

På sida no:

  • 0 Medlem.
  • 16 Gjester.

Åseral rådhus til finalen

Kommunal Rapport he den siste tida køyrd ei sak kor målet er å kåre landets finaste rådhus. No er det fem finalistar att. Ein av desse er Åseral som einaste representant frå Sørlandet. Dei fire andre finalistane er Eidsberg, Hamar, Haugesung og Kongsberg. Vil du take del i avrøystinga, og samstundes sikre ein vinnar frå [...]

Lokalprodusert mat til Kronprinsparet

Smør frå Hodne Gård, tomat og agurk frå Bjorå, lefse frå Karen Marie Wikstøl, ost frå Iveland Gårdsysteri og fisk frå Setesdalsmat. Dette er berre noko av det som stend på matsetelen i Minaralparken når Kronprinsparet i dag er på vitjing. Evjeguten Kim Andre Flaten er arkitekt bak menyen som i dag vert servert. Lokal [...]

Gjestelista for kongeleg etegilde

Mange brikker skal leggjast i det store puslespelet som det er når kongelege gjestar vitjar bygda. Ordføraren må lufte bunaden, pusse sylja og skrive tale. Terje Stifoss må vaske politibilen, drille mannskapa sine og sjølv må han finne fram dei kvite hanskane og gallauniformen. Alf Morten Tallaksen stiller truleg til etegilde i lysande uniform, tilhøyrande [...]

Bordplasseringa er klar

Tysdag kjem Kronprinsparet til bygda. Det he lenge vore eit ope spursmål om kven som skal ha Mette Marit som borddame. Moisund.com kan no avsløre denne løyndomen. Det er den røynde røyrleggjaren- og orienteringsløparen Harald Aas som skal ete jamsides med Kronprinsessa. Så lyt me alle be ei stille bøn om at han ikkje [...]

Lindåna Kraft as

Dei fyrste planane for ei utbyggjing av vassvegen, mellom Skranevatn – og dalbotnen vest for Hodne i Evje & Hornnes kommune, vart lagt fram i 1921 . Det var den vidgjetne honndølen, og ingeniøren, Åsulv Tønnesland som alt i 1917 tok til med planleggjing og prosjektering av eit kraftverk i Lindåna. Oppdragsgjevar den gong var [...]

H.M. Kongens fortenestemedalje

Til ståande applaus frå 800 festkledde sambygdinger  tok dei i mot kvart sitt heidersteikn. H.M. Kongens fortenestemedalje. Sigbjørn Kjetså (t.h.) og Odd Harald Ropbstad. Gjennom eit langt liv he dei båe lagt ned ein ufatteleg innsats for ungdomen, for bygda og for idrottslaget. Det var i samband med festen til  Otra IL sitt 50 års [...]

Valle får hovudkontoret

(arkivfoto)

Valle får det nye sentraliserte lensmannskontoret for Setesdal. Dette vart klart då politimeistaren informerte ordførarane i Agder på eit lukka møte i dag. Bykle, Bygland og Åseral må klare seg utan lensmann i framtida, medan Evje og Hornnes ser ut til å få ei lita underavdeling til Valle kontoret. Me tala med ordføraren i [...]

Medaljegrossisten

Sist laurdag henta han heim sin 50. NM medalje i gull. Det var i Florø at honndølen Einar Uleberg synte seg å vere heilt uslåeleg på distansa 3000 meter hinder. Han braut målsnora omlag 1 minutt før neste mann. Fyrste gullmedalja i NM-samanheng tok Uleberg på eit stemne i Byrkjelo i 1991, også den gong på hekkeløp. Same året som Otra IL [...]

Sven Reiersen fekk ærespris!

I samband med «Natruligvis 2010″ på Evjemoen vart ein lokal bonde heidra med følgjande pressemelding: Landbruksselskapet i Aust Agder har den store glede av å dele ut landbruksselskapets ærespris, også kalt «landbruksprisen». I år har styret besluttet å gi prisen til Sven Reiersen fra Tveit i Hornnes. Prisen består av et diplom og [...]

Evjegut gjer suksess som kjøkkensjef...

Kim Andrè Flaten gjer suksess som kjøkkensjef hjå «Matparken.no» i Kristiansand. Denne helga er han tilstades på Evjemoen i samband med «Naturligvis 2010″ kor han serverar heilgrilla indrefilèt med noko attåt. Me fekk ei smaksprøve og kan love dykk ei gastronomisk oppleving ev dei sjeldne. Kjøtet smelta i munnen. Dersom guten framleis he kjøt igjen [...]

Side 1 av 161234510...Siste »