x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

februar 2012
må. ty. on. to. fr. la. su.
« jan    
 12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
272829  
logo-gsi

260 deltok under årets Myrkongestemne!

Det var i år 53 gong at myrkongestemnet vart arrangert på Evjemoen i samband med palmelaurdag. 260 personar i ulika alder og kjønn deltok i tevlinga som vart vunnet av Jarl Stølen frå Farsund. Den lokale skyttaren Inge Eftevand (Evje og Hornnes skytterlag) tok ein sterk femteplassplass med like mange treff (37 av 37), men [...]

Europris under bygging

Det nye Europrisbygget er no under bygging. Med ferdigelementer er det ikkje lange stunda før den nye butikken innanfor Lantz auto er klar til å opne!

Iveland tok fyrsteplassen frå Åseral!

Jamfør Kommunal Rapport sitt kommunebarometer så er no Iveland den beste kommunen i landet når det gjeld økonomiforvaltning. Iveland og Åseral ligg begge i toppen av lista med berre seksarar, men Iveland er rangert som vinnar. Det betyr at desse to kommunane i dalstroka innanfor bytter plass frå i fjor, då Åseral vann. Bykle finn [...]

Attval i Bondelaget

Mandag og tirsdag gjennomførte fylkesbondelagene i Agder sine årsmøter. Både Birte Usland i Vest-Agder Bondelag og Erik Fløystad i Aust-Agder Bondelag ble gjenvalgt som fylkesledere. Under felles middag mandag kveld var det et høydepunkt å kunne utnevne Odd Mæland som nytt æresmedlem i Vest-Agder Bondelag. Les meir [...]

På flyttefot

Dei er på flyttefot, Jannik og Aase Aadal. Dei skal så avgjort, og heldigvis, ikkje flytte frå bygda. Frå 2. høgda i «Stigeren-bygget» på Evje driv dei i dag ei blømande interiørforretning, og det er denne verksemda dei no vil flytte. Valet var ikkje vanskeleg då det vart ledig lokale i det flotte laftebygget ved [...]

Ny bilseljar på Evje

Foto: moisund.com

Ein vidgjeten forretningsmann på Evje he  skifta beite. Svein Tore Thorsen (48 ) satsar no på framtida som bilseljar hjå Autoservice på Verksmoen på Evje. Thorsen he halde på som kremmar og handelsmann sidan 1994. Bak seg he han m.a. 6 år som butikksjef hjå Kiwi, og 3 år som vognførar hjå [...]

Store endringer hjå handelstanden på Evje

Kven som i framtida skal syte for Handelens Dager og jolepynting i sentrumsgata på Evje er no eit ope spursmål. Handelstandsforeninga slik me kjenner ho i dag, vert avvikla- og kjøpmennene er på utkikk etter nye samarbeidspartnarar. I ei tekstmelding frå sentrale kjelder i handelssamskipnaden stend det slik å lese: «Evje handelstand har valgt å omstrukturere [...]

Iveland størst på facebook!

Iveland kommune er i ein klasse for seg sjølv når det gjeld å bli likt på fjæsboka i dalstroka innanfor. Heile 437 personar «likar» Iveland kommune. For dei andre kommunane er tala: Valle (kultur) 329, Bykle (kultur) 291, Bygland 265, Evje og Hornnes 240 og Åseral 214. Verst stilt er det likevel for kommunane Audnedal og Hægebostad [...]

Krf stiller ikkje liste i Åseral!

Kristelig Folkeparti var det partiet som fekk flest røyster under kommunevalet i Åseral for fire år sidan. Fire representanter he i dag sete i heradstyret. I den neste perioden er dei ikkje lenger representert i Åseral. Etter at fristen for innleveringa av listeforslag gjekk ut ved midnatt så vart det klart at heradstyret i Åseral [...]

Setesdalsprisen 2011

– Ei utmerking til næringslivet i Setesdal! Prisen kan gå til eigar/leiar eller ei privat verksemd i Setesdal som over tid – eller siste året – har virka på ein særleg positiv og fortenestefull måte. Frist for innsending av forslag er sett til 5. april. Les meir her>>

[...]

Inga Moisund Avis i april

Redaktøren vart sist månad påkøyrd av eit beltegåande maskineri under eit reportasjeoppdrag. Framleis ber lekamen hans sår frå denne hendinga. Om han ikkje ligg på sotteseng så er han framleis kraftig rørslehemma. Med ein så liten redaksjon som denne avisa he så er det difor naudsynt å hoppe over avisa som var berekna å kome [...]

Moisund.com med eiga valside

Me ynskjer alt no å førebu velgjarane i dalstroka innanfor på kommunevalet til hausten. Me he difor lage ei eiga valside kor ein kan finne partilister, aktuelt valstoff og lenkje til dei politiske partia i kvar einskild kommune. Dersom du ynskjer at DITT parti skal finnast på denne sida ber me om at du sender [...]

Side 10 av 36« Fyrste...89101112...2030...Siste »