Tidlegare forsvarsminister, Grete Faremo, fekk ikkje løyst problemet før ho drog. Nå kan saka ende i retten. (Arkivfoto)
NRK 17. januar 2012: Evje og Hornnes ønsker ikke å være vertskap for Forsvarets skytefelt. Derfor svir det ekstra når Forsvaret krever at kommunen skal betale om lag 30 millioner for støyskjerming. Kommunen vurderer nå mulighetene [...]
Moisund.com kan i dag avsløre at polske gjestearbeidarar driv med illegalt sal av lårhalsar og kneskåler til private sjukestover i Vest-Agder. Den ulovlege verksemda, containersal av lekamsdeler, gjeng føre seg på eit industriområde på Dalane – få kilometer nord for Kristiansand sentrum. Helsetilsynet seier i ein kommentar til moisund.com at dei no vil sjå [...]
Den 14. januar 1837 vedtok Kong Carl Johan formannskapslovene. Difor kan det kommunale sjølvstyre i Noreg feire 175 år i år. Med formannskapslovene vart det oppretta eit nytt lokalpolitisk nivå både i by og i dalstroka innanfor. Me fekk med dette det me i dag kjenner som kommunar. Kommunane har hatt ein formidabel vekst sidan 1837. [...]
Tidlegare denne veka skreiv me om at verdens største og mest anerkjente skatecamp, Camp Woodward, kan bli bygd på Evjemoen. Fredag var dagleg leiar av Evje Utvikling AS, Knut Kjetil Møen, invitert til heradstyret i Evje og Hornnes for å orientere om planane til det verdomspennande selskapet som frå før er etablert i mellom anna [...]
To unge gutar på Moisund fekk metalldetektor i jolegåve. Det tok ikkje lange stunda før dei hadde gjort funn i skogen – tett attmed huset. Etter nærare undersøkjing synte det seg at det var to granater frå krigens dagar som hadde gjeve utslag i skjermen på det nye leiketyet. Den lokale linsmannen vart [...]
I Vest-Agder er det framleis kvotefri gaupejakt slik det har vore dei seinare åra. Det er i grannefylket, i aust, at det vert store positive endringer. Gaupejakta tek til 1. februar – og i løpet av dei neste to månadane kan ihuga jegarar skyte så mange dyr dei vil innanfor dei aktuelle kommunegrensene. Årsaka til at [...]
Etter ein periode med dårleg vasskvalitet frå vassverket i Grendi syner no det siste prøveresultatet at vatnet har ein særs bra kvalitet. Med det kan vatnet frå kranene drikkast utan å måtte koke det. Dersom det er brukarar som har tappa lite vatn frå kranene sidan 4.januar bør ein tappe ut omlag 30 liter før [...]
Det kjem no åtvaring mot ferdsel over vatn og vassdrag. Nysnø gjer at ein ikkje kan sjå korleis tilhøva er under denne. Det er dårleg med is i heile landsdelen. Ein vert difor oppmoda til å halde seg borte frå snødekte vatn.
Daglig leder Knut Kjetil Møen har valgt å takke ja til stillingen som kreditsjef /bedriftsrådgiver i Evje og Hornes Sparebank, og vil dermed forlate stillingen som daglig leder hos oss 31.mars i år. Styret arbeider med å få på plass ny daglig ledelse. (foto: moisund.com)
Moisund.com he dei siste åra hatt ein tradisjon med nyttårstale. Denne he vorte kringkasta direkte på nyttårsaften, presis klokka 19:30. No he det seg slik at dette kolliderer med talen til H.M. Kongens nyttårstale. Kongehuset he difor vore i kontakt med redaksjonen og bede om at me endrar sendetidspunkt slik at det ikkje vert kollisjon. [...]
Det skjer stadig noke nytt hjå verksemda «Setesdal Miljø og Gjennvinning IKS » på Syrtveit – heilt nord i Evje & Hornnes kommune. Pressetalsmann m/opprykk, Rolf Ove Wold, fortel til moisund.com at dei i desse dagar held på med å gjere ferdig eit flunkande nytt lagerbygg med ei grunnflate på meir enn 500 kvm. Sjølve hovudbygget, [...]
Arne Kringlen er salssjef hjå Trebyggeriet as på Hornnes. Slike folk tek sjeldan joleferie. Trebyggeriet er inne i ein svært så ekspansiv periode – og den merkantile avdelinga i verksemda sit aldri langt unna telefonapparatet. På Helsfyr i Oslo vert fasaden på Skattedirektoratet i desse dagar kledd med nye element frå verksemda på Hornnes. 17 500 [...]