Kring 20 smekkfulle turistbussar svinger inn framføre Color Line terminalen i Oslo. Tom Roger Øydne frå Risdal Touring he alt vore her i fleire timar. Mykje skal klaffe når 1000 festglade mennesk, i sin beste alder, skal ha kvart sitt rom, med tilhøyrande gallamiddag og morgonmat. Moisund.com slepp ombord tidleg laurdag morgon. Me vil vere [...]
Ordførar i Evje & Hornnes kommune, Bjørn Alfred Ropstad, er freskare i fråsparket- og klårare i ordlyden enn me på mange måtar er vande til. Dersom det på fylkesplan vert eit negativt vedtak når det gjeld samanslåing av dei to agderfylka, vil ordføraren ha ei lokal folkeavrøysting der han ber sine sambygdinger om velsigning for [...]
Evjeguten Erik Risdal (54) he meir enn 30 års røynsle frå internasjonal forretningsverksemd. Dei siste 10 åra he Risdal dreve eiga verksemd i heimbygda, samstundes som han he starta opp og dreve fleire selskap i både Asia og Noreg. Frå sitt lisle kontor, i en plasthall på Verksmoen, driv Erik Risdal forretning øve store delar [...]
All tvil om det verkeleg finnast ulv i Evje & Hornnes kan no feiast under teppet. Måndag morgon vart ulven observert, og fotografert, på Lislevand- nokre få kilometer aust for Evje sentrum. Det er no fin sporsnø i området og det bør vere gode moglegheiter til å kome på skothald av dyret. [...]
John Thoralf Kjetså, driftsleiar ved Bortelid skisenter, kan melde om at hovudtrekket no hare opna helt til topps. Dette har dei klart å få til grunna enorme mengder snøproduksjon. Dei he produsert snø i nærare 450 timar og resultatet av dette er godt øve 100 000 kubikk med kunstsnø! Snøproduksjonen he til no kosta skisenteret [...]
Berre to døger ettar at billettane til konserten under dammen på Nåvatn vart lagt ut for sal, er dei i ferd med å verte utseld. Det at VAMP vitjar Eikerapen Roots Festival i byrjinga av august 2011 synast å vere svært så populært. Aldri tidlegare he dei hatt eit slik sal av billettar til konserten som [...]
Vamp he ved fleire høve blitt spurd om å spele under Eikerapen Roots Festival i Åseral. Fram til no he dei ikkje fenge dette til å passe inn i programmet, men Øyvind Staveland kunne i haust fortelje moisund.com at er nokon stad dei ynskjer å opptre så er det i Eikerapen. Dette er ein [...]
Dagleg leiar hjå Trebyggeriet på Hornnes, Helge Haugland, stadfester til moisund.com at det er tøffe tider i byggjebransjen no om dagen. Frå 3. januar er det sendt ut permisjonsvarsel til alle tilsette i produksjonsavdelinga hjå Trebyggeriet. Sjølv om fleire store prosjekt ligg inne i planane for det komande året så he det likevel svikta ein [...]
Det kjem inn melding om at tjuvpakk herjer bygda no på slutten av året. Ein oppmodar såleis folk til å låse dynna- og gøyme lommeboka før dei tek til på nyårsfeiringa. Ser du noke mistenkjeleg i grannelaget, eller utanfor ditt eige stoveglas, ja då vonar me du tek kontakt med lokale politistyresmakter. Les meir om [...]
Odd Magne Strømstad, frå Moisund, feirer jol i Sverige. Nærare bestemt i småbyen Ørebro. Etter eit kraftig måltid med svensk sildebord, Wasa knekkebrød – og fleskesteik i alle slag utgåver, tok Odd Magne med seg borna Lina (5) og Petter (6) på ein tur etter gardsvegen. Klokka var 14:04 – 2. joledag då det [...]
Ho vert framleis omtala som nytilsett, ung- og lovande. Det er ikkje meir enn vel ein månad sidan Siv Therese Kile Lie vart tilsett som plan og miljørådgjevar i Evje & Hornnes kommune. Jenta, som er busett på Hornnes, he ei solid utdanning i ryggsekken og i den kommunale organisasjonen er det sjølvsat store forventninger [...]
Fennefossguten Leif Fjerdingstad tek no steget heilt til toppen i det lokale, landbruksrelaterte organisasjonslivet. Som nyvald leiar i hovudkomiteen for Naturligvis / Landbrukets Dag – 2011 vil Leif i løpet av det neste halvåret knyte tette bånd til både mjølkebønder, traktorseljarar, løpsebakarar og knivsmedar på heile Agder. Landbrukets Dag er ei stor mønstring av landbruk, [...]