Daglig leder Knut Kjetil Møen har valgt å takke ja til stillingen som kreditsjef /bedriftsrådgiver i Evje og Hornes Sparebank, og vil dermed forlate stillingen som daglig leder hos oss 31.mars i år. Styret arbeider med å få på plass ny daglig ledelse. (foto: moisund.com)
Moisund.com he dei siste åra hatt ein tradisjon med nyttårstale. Denne he vorte kringkasta direkte på nyttårsaften, presis klokka 19:30. No he det seg slik at dette kolliderer med talen til H.M. Kongens nyttårstale. Kongehuset he difor vore i kontakt med redaksjonen og bede om at me endrar sendetidspunkt slik at det ikkje vert kollisjon. [...]
Det skjer stadig noke nytt hjå verksemda «Setesdal Miljø og Gjennvinning IKS » på Syrtveit – heilt nord i Evje & Hornnes kommune. Pressetalsmann m/opprykk, Rolf Ove Wold, fortel til moisund.com at dei i desse dagar held på med å gjere ferdig eit flunkande nytt lagerbygg med ei grunnflate på meir enn 500 kvm. Sjølve hovudbygget, [...]
Arne Kringlen er salssjef hjå Trebyggeriet as på Hornnes. Slike folk tek sjeldan joleferie. Trebyggeriet er inne i ein svært så ekspansiv periode – og den merkantile avdelinga i verksemda sit aldri langt unna telefonapparatet. På Helsfyr i Oslo vert fasaden på Skattedirektoratet i desse dagar kledd med nye element frå verksemda på Hornnes. 17 500 [...]
Fylkeskommuner samt alle kommuner i begge Agderfylka he den siste tida vore i forhandlinger vedrørande ei storslegen satsing innan mobilnettet på Sørlandet. Til slutt stod det mellom to aktører, Telenor og Netcom. I dag kl 15:00 vart det klart at det var Telenor som vann anbodet. 149 nye basestasjoner for mobil og mobilt breiband he [...]
På heimesida til Lindesnes kommune kan ein lese at rådmann i Åseral kommune, Rune Stokke, av tilsetjingsutvalet er innstilt som einaste kandidat til rådmannstillinga. Endeleg tilsetjing vil vere sak når heradstyre møtast i tingsalen den 21. desember.
Helga Arntzen som er initiativtakar for mellom anna fredssenteret på Landeskogen i Grendi. Tyskfødte Helga dama bak «Aktive Fredsreiser» og «Hvite busser», vart onsdagskvelden tildelt «Forbundsrepublikken Tysklands fortjenstorden». Dette er den høgaste utmerking ein sivil borgar kan få i Tyskland. Les meir om saka på NRK Sørlandet sine heimesider.
Ben Chen ( bilete ), elev ved Setesdal V.G.S – eller «Hornnes Gymnas» som me er vande med å seie, deltok i haust i kvalifisering til Kjemi-olympiaden. Her vart han beste deltakar frå Aust-Agder og nr 3 på landsbasis. Ben går nå vidare i kvalifisering om å representere Noreg i den internasjonale Kjemi-olympiaden. I tillegg [...]
Stundom legg me ut artiklar – og små innlegg på moisund.com som vekkjer åtgaum i heile landsdelen, og som set i gong eit kraftig ordskifte sambygdinger i mellom. Det er nettopp dette som er meininga med slike innlegg. Det er og gildt å kunne stadfeste at folk flest nyttar eit høveleg språk på debattsidene – og [...]
Evje og Hornnes kommune er å finne på ein 4. plass i landet når det gjeld produktivitet! I botnen av lista finn ein Åseral kommune på ein 368 plass – eller 4. siste om du vil. Dette er resultatet som Kommunal Rapport i dag publiserte på sine sider. Teknisk beregningsutvalg har publisert ein oversikt over [...]
Redaksjonen he i kveld fenge stadfesta at vegen øve Hannåsfeltet igjen er opna for trafikk. Hogstmaskinen måtte fjerne nærare 30 kubikk med tømmer før vegen ingen vart farbar etter stormen for snart to veker sidan. http://www.moisund.com/2011/11/29/veg-vert-stengt-i-lang-tid-etter-stormen/
Evje og Hornnes kommune he motteke eit brev frå Forsvarsdepartementet vedrørande støyproblema i Evjemoen skyte- og øvingsfelt. Her gjeng det klart fram at Forsvaret framleis vil nytte skytefeltet og at det vil koste kring 56 millionar å få bukt med støyproblema. Dei ynskjer no eit spleiselag med kommunen for å løyse dette!! Er det rart [...]