x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

februar 2012
må. ty. on. to. fr. la. su.
« jan    
 12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
272829  
logo-gsi

Videokamera på Birketveit

Det er lagt ned store ressursar i fornying av sentrumsområdet i Iveland. Området framføre kommunehuset på Birketveit stend i dag fram som ein koseleg park med plen,  rennande vatn,  vassfontene og paviljong. Ordførar Ole Magne Omdal er med rette svært stolt av parken. Han er samstundes svært nøgd med at anlegget fær stå i fred [...]

«Friluftsliv – Leben draußen» i Bortelid

Ulrike Schenk, som er utdanna innan idrettsvitenskap, kom fyrste gong til Noreg og Bortelid i 2006. Ho studerte ved universitetet i Hamburg og skulle ha ein praksisperiode på Bortelidseter Hotell. Etter tre månader drog ho attende til heimstaden 8 mil aust for Berlin – ikkje for å flytte heim att, men berre for å hente [...]

Tur til Dyreparken…

Ferieklubben,  i regi av Evje & Hornnes kommune,  skipar til tur til m.a. Dyreparken. Eit flott opplegg for ein rimeleg penge. Avreise med buss frå Evje, og det er reservert plass for 45 personar. Så langt er det kleint med påmelding til dette og fleire andre spanande arrangement i sumar. Påmeldingsfristen gjeng ut no på [...]

For ei dame…

Helga var berre 6 år gamal då foreldra vart skild og ho måtte flykte frå Heidelberg i Vest-Tyskland til den sovjetisk-okkuperte delen av Berlin. Saman med mora reiste ho i ly av mørket, gjennom skogen. Ein skog full av væpna vakter med schæferhundar måtte forserast for å kunne kome fram til bestemor i aust. Helga [...]

Forsvaret må rydde opp

Det ser ikkje fint ut langs fylkesvegen mot Bjorå denne helga. Forsvaret he i fleire dagar drive feltøving i området,  m.a. for å lære komande soldatar og befalingsmenn folkeskikk i krig –  og fred. No ser delar av øvingsområdet ut som ein svinesti. Medan folk elles i kommunen må kjeldesortere søppla i både brune,  grå [...]

Ein heidersmann fyller 80 år

Han tek i mot meg ,  i berre sokkeleisten,  på trappa heime på garden » Rota»  på Øvre Dåsvand i Evje og Hornnes kommune. Ein høgreist kar,  rak i ryggen –  og med glimt i augo. Handtrykket er fast som ei skrustikke. Det luktar kaffe heilt ute i forstova og på stovebordet venter heimebaka kringle. [...]

Etterutdanning for yrkessjåførar

L/L Setesdal Bilruter er no godkjend som utdanningsstad for etterutdanning av yrkessjåførar. Det er eit nytt EU – krav som gjer at alle yrkessjåførar må innom eit slikt kursopplegg kvart 5. år. Bortsett frå einskilde køyreskular så er Setesdal Bilruter einaste verksemda på Indre Agder som er godkjende for å drive eit slikt opplegg. Dette [...]

Ein moderne treskjerar

 Andreas Irslinger he interessert seg for tre heilt sidan han låg i vogga. Interessa he berre auka, og i dag he han gjort dette materialet til sitt eige levebrød. Han lever godt, og etterspurnaden veks for kvar dag. Tilbakemeldinger frå marknaden tyder på at dette er ei verksemd som berre vil vekse inn i framtida. »Irslinger [...]

Mykje varme og kjærlege brev

Kvar dag dukkar det opp varme og kjærlege brev  i innboksen til redaksjonen i bladstova på Moisund. Slikt er sjølvsagt med på å gjere kvardagen ljosare, sjølv i byringa av juli månad. I dag tidleg mottok me eit kjærleiksbrev frå Amina, ei omsutsfull og kjærleg jente på 23 år. No he det seg slik at [...]

Bygdeutstilling for 39. gong

Regnskyene låg tunge øve Kyrkjebygd i Åseral, laurdag i middagsbelet. Klokka 13:00 tok det til å røre seg på hovudscena- på grasvollen mellom Minne kultursenter og kyrkja. Programmet vart meisterleg leia av dei to systrene Kristin og Sigrund, frå Ljosland. Far deira, ordførar Oddmund, stod på trygg avstand og fydde framsyninga frå orkesterplass. Det vart [...]

Mange spursmål – få svar

Ei av dei absolutt største utfordringene i denna jobben er å møte pårørande til personar som i sin ytterste naud he vald å take sitt eige liv. I slike stunder kjem det så uendeleg mange spursmål- og diverre så altfor  få svar. Ord vert ofte fattige. Ei tore på kjaken, min eigen, seier kan hende meir [...]

Bjørn Alfred frå Moisund – og Kjell Elvis frå Lyngdal

 Endeleg kunne ordføraren klyppe snora i samband med opning av eit nytt prestisjebygg, eit signalbygg, på Verksmoen i Evje & Hornnes kommune. Det he vore ein lang prosess for å få alle formalitetar på plass. Ikkje minst he den obligatoriske,tidkrevjande – og  meiningslause kranglinga med Statens Vegevesen vore ein bremsekloss i prosessen.  Torsdag føremiddag var [...]

Side 10 av 91« Fyrste...89101112...2030405060...Siste »