Kva skjer?

    Ingen hendinger er registrert
Logo

Arkiv

 

mai 2012
må. ty. on. to. fr. la. su.
« apr    
 123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031  
logo-gsi

Me fann, me fann!

Ved fleire høve når ein he køyrt vegen mellom Hægeland og Bjelland he ein undra seg øve eit skilt attmed med vegen. «Skisenter» stend det på eit skilt på vegen inn til Roland. Eit skilt som ofte stend på barmark utan noko snø kring, men ikkje dennne gong. Redaksjonen tok turen inn for [...]

Øyvind trivast i fengselet

Fengselporten stend open. Eg ruslar inn og melder meg korrekt hjå vakta i fengselet i nordre leir på Evjemoen. Øyvind Stokke (bilete ) tek i mot meg etter nøye innøvde prosedyrar. Øyvind he røynsle frå fengselsvesenet i både Bergen og Kristiansand. No he han funne seg vel til rette i det nye og moderne fengselet [...]

Med kokkeblod i årene

Det slær vel neppe ned som ei bombe i heimbygda når me fortel at Andreas Erdvig (19 ) held på å utdanne seg til kokk. Med slektsrøtene solid forankra i både Isbaren – Pernille og Tip Top på Evje så var truleg yrkeskarriera fastlagt lenge før han gjekk og las for presten. Andreas er son [...]

Paintball – ein idrott i vekst!

Laurdag vart det arrangert paintballtevling i Ivelandshallen. Lag og spelarar frå heile landsdelen var tilstades, ja eit lag hadde reist heilt frå Larvik for å tevle i Iveland. Ei uformell tevling, men dog ei fysisk prøving!Framleis finnast det folk kring i landsdelen som trur dette er eit «krigsspel» for agressiv ungdom. Gløym dette! I Ivelandshallan [...]

Kulturreisa – 2011

Det er tidleg morgon. Cruisebåten MS Color Magic sig varsomt inn mot brygga i Kiel. Schleswig Holstein tek i mot oss med skodde og lett regn. Byen søv. Det same gjer dei fleste av dei 1039 gjestane ombord på båten. Laurdagskvelden vart ein kulturkveld av dei sjeldne. Ei kraftprøve for både lekam og sjel. Konserten [...]

Bloggar i særklasse

Han byrja som bloggar på sjølvaste jolaftan. Samstundes som nissen var på veg rundt med gåver sat John Olav å laga si eiga side på fjæsboka. Han er ikkje nokon ungdom lenger sjølv om han framleis er rimeleg frisk i hovud og lekam. Alt etter ei veke «på nettet» he den alderstrygda skogbrukssjefen på Uleberg [...]

Tiur på romjolstur

På årets siste dag var det mange som var ute og tok seg ein spassertur i ein temperatur som ikkje he vore så høg på nærare to månader. På vegen ved Faret, i Hornnes, møtte Emelia og Anette Tveitå på ein velvaksen tiur som og var ute på ein spassertur i det milde veret. Tiuren [...]

Honndøl, heidersmann – og verdensmann ( frå arkivet )

Etter tallause oppfordringer, frå inn- og utland, vel me å kringaste dette portrettet ei gong til :

Det vert som oftast ei feststund når ein tek bordsete i hop med Mardon Bjørndal (63). Ikkje noke unntak denne ettermiddagen på bryggekanten i Farsund. Mardon tok det meste av utdanninga i heimbygda. Fyrste bolken i Voilestø – [...]

Godt nytt år!

Romjolsmoro i Otrahallen

Den årvisse KRIK-turneringa vart skipa til i Otrahallen på Hornnes denne veka. Det kalde vinterveret hadde på ingen måte skræmd ungdomen til å halde seg heime i omnskroken.Det vart tevla i både bordtennis og fotball. Meir enn 30 lag var påmelde i fotballturneringa, og til sist var det eit lokalt lag, FCO, som gjekk av [...]

Nyårstale – ein årleg tradisjon

Samstundes med at H.M Kongen held sin nyårstale på rikskanalen i fjernsynet vil og www.moisund.com halde sin tale til folket. Me vil sjå attende på det året som he gjenge- og samstundes sjå på kva som vil kunne kome i det neste året. Klokka 19:30, presis, vil du kunne sjå talen i sin heilskap her [...]

«Pål Aas og de» vann volleyballtevlinga!

Jolecupen i volleybal er snart like tradisjonsrik som ribba og pinnekjøtet på jolaftan. I år som tidlegare var det «rift» om plassene for å kunne bli med blant dei tolv laga som kan delta. Oppsettet til Cay Håvorstad er på tolv lag, slik he det alltid vore – og ein tradisjon. Mange av dei spelarane [...]

Side 19 av 94« Fyrste...10...1718192021...3040506070...Siste »