Svein Hannås på Moisund er kjend for å vere ein tusenkunstnar du skal leite lenge etter å finne maken til. I fleire år he han farta rundt på heile Sørlandet og levert diesel og fyringsolje til hundrevis av trufaste kundar. No er både tankbilen og verksemda seld til nye drivarar. Heime på Moi he Svein [...]
Fredagskvelden hadde bygdekoret invitert til korkveld på Petrusplassen. Ein kveld for allsong og feststemning. Det var ikkje ein ledig stol å oppdrive kring borda, og humøret hjå dei einskilde var på topp. Alle var med og stemde i. Kjende og kjære songar kom på rekkje og rad. Nokon meir fleirstemde enn andre. Det var og [...]
Det er igjen tid for haustfest i Grobotn 4H. Ein fest kor alle dei 32 aktive medlemma skal stille ut det dei he drevet med det siste året. Baking, matlaging, cross, hund, foto og til og med rotte var noko av det som var oppgåvene i år. Heidi Kallhovd, Morten Haraldstad og Ingunn Kile er [...]
Dei gjekk glipp av noko stort dei som ikkje hadde sikra seg billett til VAMP konsert på Evjemoen torsdagskvelden. Dei rundt 250 menneska som var tilstades, fekk nok mange ei musikalsk oppleving som dei seint vil gløyme.
Den årvisse TV- aksjonen he ein lang og god tradisjon i Evje & Hornnes. Med hovudsete hjå den lokale Sparebanken vert bøsseberarar send ut til kvar minste avkrok i heile kommunen. Me var innom Sparebanken like etter kl 13:00 på sundag og då var alle bøsseberarane ute i felten. Inne i banklokalet fann me [...]
Normisjon si årvisse haustmesse vart skipa til i Otrahallen på Hornnes no på laurdag. I fylgje Per Steinar Undeland (bilete ) var det eit jamleg sig av folk heile dagen. Meir enn 100 mennesk var møtt fram då messa opna kl 11:00. Då vart det levert flott song av ungdomskoret » Himmelsusen » medan den [...]
Tony Halsall (bilete ) er dagleg leiar i Otra IL. Frå kontoret sitt i Otrahallen he han god øvesikt øve kven som til ei kvar tid vitjar det topp moderne treningssenteret. Totalt he 293 personar løyst medlemskort og frå 11. oktober er det slik at dersom du skal ha tilgjenge til romaskinen, tredemølla, klatreveggen – [...]
Me he sett på skattelistene for 2009. Når ein ser på ordførarane i dalstroka innanfor så er det mykje felles mellom inntekta til ordføraren og kommuneøkonomien. Bykle på topp og Åseral som ein god nummer to. Sjølv om Oddmund Ljosland i Åseral ikkje når Kay Jeiskelid frå Bykle lenger enn til midt på leggen! Medan Kay [...]
Heile 17 ulike bornehagar kring på Sørlandet he dei vitja den siste tida, Inger Lise Stulien Ropstad og Knut Kjetil Møen. 17 bornehagar som he fått høyre song på nynorsk. Inger Lise he alltid vore byrg av morsmålet sitt, noko ho gjev utrykk av gjennom songen. Det var ei tagal samling med born som var tilstades når Inger [...]
Dei fyrste planane for ei utbyggjing av vassvegen, mellom Skranevatn – og dalbotnen vest for Hodne i Evje & Hornnes kommune, vart lagt fram i 1921 . Det var den vidgjetne honndølen, og ingeniøren, Åsulv Tønnesland som alt i 1917 tok til med planleggjing og prosjektering av eit kraftverk i Lindåna. No er utbyggjinga i [...]
«Eg er heilt nøyd til å ha ein hobby elles vert eg splitte pine galen» seier Tormod Kallhovd (61 ). Ein etnisk honndøl som lever i eksil i Tingbergvegen på Evje. Tormod var tilsett i ingeniørvesenet i Kristiansand kommune i mange herrens år. Helsa svikta og lekamen braut i hop. Så ofte han kan startar [...]
Torsdag den 28.oktober kjem den kjende vestlandsgruppa Vamp til Evjemoen. I samband med dette he redaksjonen fenge eit ekslusivt intervju med mannen bak dei mest kjende låtane til Haugesundsgruppa, multikunstnaren Øyvind Staveland. Han fortel at han gler seg som ein unge til å feire platesleppet på Evjemoen. Ei scene og ein stad kor han aldri tidlegare [...]