Kva skjer?

Moisund.com – TV

Logo

Arkiv

 

februar 2012
må. ty. on. to. fr. la. su.
« jan    
 12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
272829  
logo-gsi

Fredagsklubben arrangerte talentiade

Aldri før he eg opplevd ei slik stemning i salen som då «fredagsklubben» arrangerte Talentiade på Furuly. Her vart song, musikk, dans og diktlesing framført av deltakarar frå heile dalføret -og frå dalstroka utanfor. Alle hadde dei sin eigen fanklubb og applausen frå dei kring 80 frammøtte fekk mest taket på ungdomsklubben til [...]

Fusjon i oljebransjen

Det gjeng mot fusjon i tansport- og oljebransjen. Den lokale verksemda Brødrene Hannås,med hovudsete på Moisund, legg i desse dagar  siste hand på ein fusjonsavtale med den vidgjetne transportverksemda Bendiks Transport frå Lillesand. Ola og Svein Hannås he i ei årrekkje forsynt kundar øve store delar av Sørlandet med parafin, diesel og fyringsolje. Ei solid [...]

Frisør heilt utan høgdeskrekk

I samband med ei brannøving i Evje sentrum vart Anne Grete Bjærum frakta ut or frisørsalongen gjennom eit ope vindaug. Her måtte ho så klive opp i ei korg tilhøyrande den lokale brannbilen. Egil Kvitne stod klar  med ei hjelpande hand. Ein luftig tur med god utsikt øve heile sentrum. På biletet ser det beint [...]

Great Garlic Girls med eit forrykande Grand Prix show!

Sjølv om kinosalen på Evjemoen berre var snaut halvfull så var stemninga på topp. «Kvitlauksjenton» heldt eit show som ein seint vil gløyme. Ikkje eit einaste daudpunkt i løpet av den dryge timen dei holdt det gåande. Publikum var med frå fyrste stund då dei velkjende artistane «losa» oss gjennom 50 år med Grand Prix [...]

Tungvekter på veg til Evjemoen

«Shire – horse» er rekna for å vere den  aller største hesterasen i heile verda. På dei største modellane stoggar ikkje vekta før på 1300 kg. No er denne tungvektaren på veg til Evjemoen for å vitje Landbrukets Dag. Dette kjem garantert til å verte ein publikumsmagnet i byrjinga av august.

[...]

Evjegut på reise i tre døger

Tor Jakob Rørvik let seg ikkje stoppe av ei oskesky frå Island. Så snart guten fekk stadfesta at alle fly i Europa var plassert på bakken, tok han saken i eigne hender. Fredag byrja reisa. Alt av landbasert kommunikasjon vart nytta. Med lomma full av billettar nytta guten heile helga for å kome fram. Måndag [...]

Kulturstipend til Iveland

Iveland målarskule sende tre kandidatar til UKM (ungdomens kulturmønstring ) på Evje tidlegare i vinter. To av desse, Kristina Fiveland (bilete) og Silje Honnemyr, gjekk vidare til ein fylkesfinale i Arendal. Då domarpanelet var ferdig med sine vurderinger ende det opp med at Kristina fekk med seg heim ein velfortent sjekk pålydande 10 000 kroner. [...]

Ny vassleidning på Grenjå

Det er eit omfattande renovasasjonsarbeid som i desse dagar tek til på Grenjå, få meter frå handlegata i Evje sentrum. Det er den velkjende entrepenørverksemda Døvik Maskin som er hovudentrepenør i tett samarbeid med fagfolk frå teknisk bolk i Evje & Hornnes kommune.

[...]

Dramatisk melding frå redaksjonen på Jylland

Det er med sjokk og vanntru at redaksjonen, for tida med hovudsete på Nord-Jylland, i dag må kringkaste at revygruppa Morus no er inne i sine siste dagar. Neste morusrevy revy, den 20. i rekkja, vert den absolutt siste. Det er så langt frå nokon ungdomsgjeng som dei siste åra he stått på scenekanten og underholdt publikum. [...]

Frisk satsing i Iveland

Skyttarlaget i Iveland satsar friskt når dei no tek i bruk flunkande nye elektroniske skyteskjever. Det er investert 120 000 kroner i det nye anlegget som vonleg vil auke både kapasiteten – og ikkje minst rekrutteringa til skyttarsporten. Torsdag 15.april kl 18:00 smell det fyrste skotet i skytehallen- og det er berre omlag 5 månader att [...]

Dei førebur både konfirmasjon og grunnlovsdag

Hjå sylvsmed Gunnar Helle på Byglandsfjord er det lenge sidan dei tok til å førebu både grunnlovsdag og konfirmasjon. Bunadsylvet må vere klart i god tid, og den flotte gjengen hjå vår lokale sylvsmed  leverer eit handverk det gjeng gjetord om langt ut øve landets grenser. I butikken på Evje er det no høgsesong og [...]

Pisa vart til Hirtshals

Redaksjonen skulle no teke sete på ein lukseriøs restaurant i Pisa, Italia. I fire heile dagar skulle me sendt heim reisebrev og samstundes fenge stadfesta kor skeivt tårnet i Pisa er  samanlikna med lokal byggeskikk på Svindal. Det er no laurdag morgon og me sit å drikk klein kaffe på danskebåten! Oske frå Island [...]

Side 30 av 91« Fyrste...1020...2829303132...4050607080...Siste »