Kva skjer?

    Ingen hendinger er registrert
Logo

Arkiv

 

mai 2012
må. ty. on. to. fr. la. su.
« apr    
 123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031  
logo-gsi

Konsert med Kari Svendsen

Det vert garantert ein livleg kveld når Kari Svendsen tek med seg banjoen og spelar opp til konsert på biblioteket på Verksmoen. Det er Evje & Hornnes Folkeakademi som skipar til konserten, tysdag 23. mars. Vil du sikre deg ein billett kan du handle slikt på biblioteket i god tid på førehand. Det vert og [...]

Innsamlingsaksjon til Romania

Åse Gullsmedmoen gjeng i bresjen for ein ny innsamlingsaksjon til naudlidne i Romania. Gjennom samskipnaden LEGO – Romania vil ho no samle inn klede av ulike slag. Det heile skjer på Evjemoen laurdag 20. mars.

[...]

Hallelujastemning under lupa

 Dei fleste av oss sit vel att med  inntrykket av at arbeidet med den såkalla Plansmia var eit vellukka og interressant prosjekt. Ein demokratisk arbeidsmetode som engasjerte svært mange bygdefolk i planleggjinga av eit nytt sentrum på Evje. NRK  he eit anna syn på dette. I fjernsynsprogrammet Spekter på NRK 2 i kveld vert det satt søkjelys [...]

Lindesnes trekkspillklubb vitjar Iveland

Det vert garantert fullt hus og stormande jubel når Lindesnes Trekkspillklubb vitjar Ivelandshallen fredag den 19. mars.. Festen tek til kl 19:00 men her er det nok lurt å vere tidleg ute for å sikre seg ein god plass. Trekkspillklubben stiller med eit mannskap på meir enn 30 personar og det er venta publikum frå [...]

Struttende mager, råtne tenner og svimle studenter

Reisebrev frå Siri Moi: Denne uka har jeg igjen funnet frem sykepleieren i meg siden jeg har vært med sykepleierstudentene Hilde og Malene rundt på opplegget deres. På mandag var vi så heldige å få være med på både svangerskapskontroll og tannhelsesjekk her på øya, og det var jammen en artig opplevelse!Nærmere seksti gravide kvinner [...]

Datakurs for vaksne gutar og jenter

11 gutar og jenter i sin beste alder, Oddvar Uleberg og Henry Rosseland medrekna, er no i ferd med å avslutte eit nybyrjarkurs i data. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Frivilligsentralen på Evje og bibliotektenesta i Setesdal. I alt 4 onsdagar he gjengen vore samla kring datamaskinane – og no er dei snart utlærde [...]

Skisportens dag 2010

Skisportens dag 2010 vart skipa til under ein knallblå himmelkvelv. Sola skein frå skyfri himmel. Det vart varmt i solbakken og folk kosa seg med kaffe, pylse og nistepakke med leverpostei og brunost. Omlag 2,5 km frå Høgås skistadion, i retnig mot Himmelsyna, var meir enn 250 mennesk samla til sosialt samvær. Her var det [...]

Festkveld på Byremo

Det vart ein festkveld på Byremo. Grindheim ungdomslag framførte revyen «Gjengangere.»  Ekte og god revystemning med innlagt matøkt og tilhøyrande røykepause. Totalt 20 innslag stod på køyreplanen og det heile gjekk stort sett knirkefritt føre seg med mange store- og små høgdepunkt. Ein strålande revy med  jamn stigning i programmet. Fleire monologar heldt svært høgt [...]

Akt deg for utrygg is!

Alltid ei open dør på Hægeland

Hægeland Trevarefabrikk kan sjå attende på meir enn 60 år som lokal industriverksemd. Ikkje noke prangande industrilokale med glasfasade og blenkjande neonljos. Knapt nok synleg frå stamvegen. Kontorsjef Dag Yngve Aasen (bilete ) tek i mot oss i forstova. Ungguten fortel oss inngåande om den tradisjonsrike verksemda som no vert leia av Yngvar Aasen- dørprodusent [...]

Sykkelgruppa slær seg laus på Radio Evje

Fredag 5. mars er det sykkelgruppa i Otra IL som tek øve kommandoen i studio på Radio Evje. Dette bør verte ein festkveld for alle med interesse for sykkelsporten. Sjølvsagt vert det mykje informasjon kring den store tevlinga som vert skipa til den 29. mai. » Color Line Setesdal tour» – eller meir folkeleg sagt [...]

Kampen om Fennefossen inn på nye spor

Det byrjar endeleg å verte eit grann fart i den lokale ordkløyvinga kring ei mogleg utbyggjing av Fennefossen. Plakatar, underskriftskampanjer, folkemøte og nettdebatt. Siste innlegget på moisund.com, ført i pennen av Ålaug Rosseland, he engasjert mange. Eit sakleg og godt fundamentert innlegg  som fekk mange til å kaste seg inn i debatten. Det siste no [...]