Det vert konsert med Kari Svendsen på biblioteket på Verksmoen den 23. mars. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom kommunen og Folkeakademiet. Denne gladjenta bør trekkje fullt hus på loptet i forretningsbygget hjå Asbjørn Haugen. Vil du sikre deg billett, og ein god stol til konserten- kan du ordne dette på biblioteket om kort tid.
Folkemøte på Furuly tykkjest vere den nye forma for tidtrøyte i lokalmiljøet i Evje & Hornnes. Sjølv midt under dei olympiske vinterleikane i Vancouver tykkjest folk møte opp mannsterke når stat eller kommune opnar opp dynna på foreningshuset Furuly. Måndag denne veka var det NVE som kalla inn til møte. Saman med Agder Energi ville [...]
Formannskapet i Evje & Hornnes skal i møte den 23. februar take stilling til om det bør kjøpast ny bil til flyktningkontoret. Den lokale flyktningetenesta meiner det er naudsynt med ny bil når dei m.a. skal transportere flyktningene til sjukehus, til sosiale samankomster og når det skal handlast inn møbler, vaskemaskin og anna lausøyre til [...]
Det er slutt på tida då ein skal sitje under ein busk å fryse under haustjakta. Eit jaktlag i Logndalen, Åseral, he gjenge nye vegar. «Det er ikkje naudsynt å fryse ræva av seg når ein kan ha det godt under jakta» seier jaktleiaren, som ikkje ynskjer å stå fram på verdsveven med [...]
«Torsdag 11 feb møtte hele 9 klasse fra Evje Ungdomsskole opp på renseanlegget for utførelse av første del av prosjektet. Vi startet kl 1800 og var ferdig kl 2100 og da var 100 bøtter pakket, med ca 25 poser i hver bøtte. Allerede fredag 12 feb ble de første bøtter kjørt ut og den første [...]
Sjefen hjå Autoservice as på Evje, Knut Birkeland, stadfester i ettermiddag til moisund.com at han no he skrive under ein avtale som sikrar han forhandlarstatus på Fiat person- og varebilar. Eit komplett modellutval og ein moderne merkeverkstad er kva den velrenomerte verksemda no kan tilby kundane sine . Dei fyrste bilane vil vere på plass på Verksmoen i [...]
Harald Nordbø (bilete ) var tilstades. Det same var avblømde skiheltar som Arild Isaksen, Jon Omland, Arnold Kjetså, Gunnar Dyrland og Per Steinar Undeland. Kvikksylvet låg og vaka kring nullpunktet. Det var hektisk i startområdet den siste timen før start. Høvringen 2010. Ei prestisjetung og tradisjonsrik skitevling. Ingen kunne svare nøyaktig på kor mange år [...]
Det gjeng raskt mot domens dag. Dagen då det skal avgjerast om Fennefossen skal nyttast til kraftutbyggjing – eller til meir turistretta føremål. I april skal heradstyret i Evje & Hornnes seie si meining om saka. I skrivande stund er det uråd å seie kva utfallet vert av den endelege avrøystinga blandt dei 21 folkevalde. [...]
Revygruppa Morus vil med dette takke eit eineståande og trufast publikum for fantastiske kveldar i Evjemoen kino denne veka. Kvar einskild av Dykk he vore med på å gjere dette til ein fest, både i salen – og ikkje minst for skodespelarane på scena.Tett på 1000 tilhøyrarar he sett Morusrevyen i år. Me lovar å [...]
Det er eit aukande helseproblem, og eit aukande tryggleiksproblem at mange tilsette på oljeriggar i Nordsjøen stadig veks i omfang. Magemålet vert beint fram for stort. Fylkeslækjaren i Rogaland gjekk tidlegare denne veka ut i media og ville nekte dei kraftigaste gutane å reise ut på sokkelen. Einskilde verksemder tek no konsekvensen av denne utviklinga [...]
Sundag føremiddag er det klårt for den tradisjonsrike skitevlinga «Høvringen». Tevlinga tek til klokka 12:00 på Høgås skistadion, og turklassa legg avgarde ein time tidlegare. Så langt er det berre påmeldt kring 80 deltakarar, noke som er skuffande få. Dobbelt så mange bør i alle fall finne vegen til skistadion i morgon. Denne vinteren he [...]
Nei, det er ikkje slik at Alf Andersen på Byglandsfjord he byta ut kjerringa. Guten som er meir enn vanleg interessert i elektroniske duppedittar he berre skaffa seg ei hushjelp. Ei hushjelp som er lydug, møysommeleg og som gjer jobben heilt i tråd med familien Andersen sine ynskjer og behov. Slik kan ekteparet Andersen bruke [...]