Kva skjer?

    Ingen hendinger er registrert
Logo

Arkiv

 

mai 2012
må. ty. on. to. fr. la. su.
« apr    
 123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031  
logo-gsi

Skitevling i eit heilt nytt ljos

Dugnadsgjengen på Høgås-skianlegg er stadig i kjømda med nyhende og utbetringer. I desse dagar monterer dei opp siste ljospærene på stolpar attmed skiløya. Ljosløypa på Høgåsmyrene er no forlenga til ei sløyfe på 2,4 km. Det er og montert sterke og klåre ljos i løpa inn mot lavoen. Torsdag 21. januar, kl 18:00, vert løypenettet [...]

Ivelendinger gjeng stadig meir på kino

Kurva er stigande når det gjeld besøkstala på kinoen i Iveland. Ja me he no lenge visst at dette er eit kulturellt folkeslag. Filmen «Julenatt i Blåfjell» var den mest populære filmen med heile 60 betalande ivelendinger i salen. «Knerten» kom på ein solid andreplass- medan den verdskjende «Harry Potter» måtte nøye seg med den [...]

Vil sende fotallsko og stuttbukser til Aust -Europa

Det meldast frå Otrahallen på Hornnes at det no på nyåret ligg att mykje idrottsutstyr i hallen etter ein travel haustsesong. Fotballsko, stuttbukser, treningstrøyer og kan hende eit og anna par me lange underbukser. No ber leiinga i hallen om at folk må hente dette elles vert heile varepartiet send med lastebil til trengjande i [...]

Arbeidet på brua er snart ferdig

Arbeidet på brua som bind Hornnes og Evje saman øve åna på riksvegen er no snart ferdig. Vegstellet har lova at brua igjen skal opnast for ferdsel i løpet av denne månaden. Arbeidet med å rive forskaling og stilas er i full gong. No er det rekkverket som stend for tur. Sjølv om [...]

Kommunetopp he rymt bygda

Gradestokken i heimbygda he synt meir enn 20 kuldegrader kvar einaste dag sidan tidleg i romjola. Jon Gunnar Haukom er kloakksjef i Evje & Hornnes kommune. Medan arbeidskameratane slit med sundfrosne vassrøyr, tette kloakk-kummar og sprengkulde, ligg sjefen sjølve  og sleikjar sol på palmekysten. 2. nyårsdag pakka han veska og sette seg på flyet til [...]

Tømmerstø og Oksøy fyr

Tekst og foto: Tom Øverland. Som den ivrige «hobby-natur-fotograf» jeg er, tok jeg en kveld frøken Nikon rundt halsen og bilnøklene i hånden, på jakt etter nye og fasinerende motiver. Jeg kom ikke lenger enn ut på trappa før himmelen åpenbarte seg med motiver som ville tatt pusten fra selv den mest profesjonelle fotograf.

[...]

I Iveland fær du rørsle og hugnad på resept

Det kan ofte vere tungt å kome seg ut i skog og mark på eiga hand. Alle he me godt av nokre timar med lekamleg rørsle kvar einaste veke. Helst kvar einaste dag. I Iveland he dei gjort noke med dette. Der i kommunen he dei funne ut at mosjon og trening kan vere både [...]

Til alle småtroll.....

Etter opptreden Inger Lise Stulien hadde saman med Alexander Rybak i haust har ho fått mange førespurnader frå elevane ved Evje barneskule om ho kunne skaffe dei autografen han sin. Ho tok kontakt med han att, og fortalde at ho var lærar for ein flott gjeng elevar ved Evje barneskule, og om han ville sende [...]

Kortvarig endring av køyreruta

Vegen gjennon handlegata i Dåsnes er eit trafikalt vepsebol. Dette er det lite diskusjon om. Tunge lastebilar, godsruter og passasjerbussar troklar seg forbi syklande unger, seinføre pensjonistar og handlande hjå Joker. Einskilde sjåførar kviar seg fælt for å køyre denne sløyfa når trafikken er på det mest heltiske. Ikkje fordi dei sjølve er vanskelege- men [...]

Minus 33 grader!!!

I dag var det så kaldt at redaksjonen måtte gjeve opp eit forsøk på å lage ein reprtasje frå naturen i skogen. Til morgonen i dag vart det målt minus 33 grader utanfor stoveglaset på Hannåsfeltet. Det hadde vore moro å høyrd kor kaldt det var omkring i distriktet. Meld tilbake temperaturen på post(alfakrøll)moisund.com.

[...]

Lislevatn Kraftverk

NVE he motteke ein søknad frå Agder Energi Produksjon om løyve til å byggje Lislevatn kraftverk i Aust-Agder. Planane gjeng ut på å nytte eit fall på 97 m i Håtveitåna fra Vikstølvatn til Lislevatn. Kraftstasjonen er tenkt bygd i dagen. Ei slik utbyggjing vil gje ein årleg produksjon på om lag 18 GWh.Søknaden vil [...]

Ottast ikkje. Vegstellet held ord

Foto: Geir Daasvatn

Redaksjonen fær mange telefonar kvar einaste dag frå uroa sambygdinger som er livredde for at omkøyringa kring gardane på Fennefoss skal halde fram til lenge etter St. Hans. Einskilde meiner beint fram at byggjearbeidet på den nye brua he stogga heilt opp.  Me tek ein telefon til byggjeleiar Knut Asbjørn Koland. [...]