I bunka av innkomen post , laurdag føremiddag, er det to tidlegare omtala saker som no he løyst seg på ein grei måte. Oddmund Strømstad hadde vore på tur med fotografiapparatet og teke bilete av ein stor fugl. Me spurde lesarane våre om kva slag fugl dette var, og frå fagleg hold he me no [...]
Kåre Hodne- styremedlem, medlem i skriftstyret og drivkraft i sogelaget.
Det er eit framifrå årsskrift for 2009 som Evje og Hornnes sogelag i desse dagar legg ut for sal. «Arnstein» heiter bladet som er laga hjå Setsdalstrykk på Evje. Papirkvaliteten er framifrå, og dei mange bileta, som gjer årsskriftet så spanande, er av høg [...]
For halvtannan år sidan vart han henta inn til ein jobb i det øvste tetskiktet hjå entrepenørselskapet Risa as. No er det slutt. Frå årsskiftet finn Svein Salve Lislevand fram motorsaga og tek til som lineryddar hjå kraftverket. Han vart lei av å site innelåst i ein hjullastar frå morgon-til kveld. No skal den 205 [...]
Tekst og foto: Øystein Moi: Kring 80 personar, frå dei fleste hjørner av verda, var torsdag kveld samla til jolefest på Furuly på Evje. På gjestelista stod m.a. Rita Flottorp, Nils Kjell Dåsvand og flyktninger frå Burma, Somalia, Afganistan og Irak. Kvar einskild familie hadde med seg sin eigen mat, og til [...]
Kvikksylvet sig og det er ei god melding for dei som produserer snø til skiløypene på Høgås. Dei finaste skiløypene på heile Sørlandet. I dag, den 17.desember, fyrte gutane opp traktoren og snøkanonen. Dersom finveret og kuldegradane no held seg på Høgås eit bel, så er det mykje som tyder på at det vert fine [...]
Hornnes Camping ynskjer å utvide arealet. Den populære campingplassen oppgraderer sanitæranlegget og treng no fleire oppstillingsplassar for campingvogner- og betre parkeringstilhøve for dei som vil ned på stronda og lauge seg på varme sumardagar. Det søkjast om å omdisponere 5 da dyrka mark til føremålet. Rådmannen innstiller på å velsigne denne søknaden, og den endelege [...]
Medan drøymen om eit nytt kulturhus på Evje framleis surrar i korridorane hjå lokale politikarar- og blandt godtfolk flest, så er arbeidet med eit tilsvarande prosjekt kome noke lenger i byen. I Kristiansand. Kulturhuset «Kilden» er i ferd med å take form. Som kjend er det m.a. Trebyggeriet på Hornnes som stend bak- og skal [...]
Han tek fram dei sterkaste orda han vågar, ordføraren som he lova evig truskap til Krf, Dagfinn Høybråten og Frikyrkja. Ordførar Bjørn Alfred Ropstad, i Evje & Hornnes kommune, er djupt såra og vonbroten. Etter fleire år med hardt arbeid, og meir enn ein million prosjektkroner, opplever no Ropstad at Universitetet i Agder fell han [...]
Redaksjonen he ein ståande avtale med Geir Daasvatn om at han skal halde eit vakent auge- eller to med framdrifta med Fennefossbrua. Siste rapporten, med fotobevis, vart levert oss seint på sundagskvelden den 13. desember. Geir kan melde at betongdekket er ferdig støypt og at alt no peikar mot opning av den «nye» brua som [...]
Inger Lise Stulien Robstad, og mannen hennar Olav, er tilstades på klimatoppmøtet i København. Seint måndag kveld mottok me ei reiseskildring frå den danske hovudstaden. Olav og Inger Lise he fenge oppleve mykje spanade desse dagane- og kveldane. Dei he m.a. vore på Rådhusplassen og høyrd på Desmond Tutu og vore på konsert med det [...]
Dei folkevalde var i jolestemning og sakslista var lang som eit vondt år. Når både budsjett- og økonomiplan skal handsamast vert det ofte svært langdryge møter. Heradstyret i Evje & Hornnes er ikkje åstaden for dei harde poltiske diskusjonane. Folk kjenner kvarandre for godt, tilhøva er små og det meste [...]
Haust- og vinter er årstider som mange gonger fargar himmelkvelven med dei mest fantastiske fargar. Dersom ein tek seg ein tur ut i naturen, med fotoapparatet tilgjengeleg, er det fullt mogleg å feste motiv som dette til filmrullen. Dette biletet er teken av Oddvar Aamlid, busett på Oddestemmen, og syner sola på veg ned øve [...]