Bernt Audun Strømsli er tilsett som » leiar for forvaltningseininga» i Evje og Hornnes kommune. Ei grei stilling om ein spør den elles så forsiktige trønderen. Sist helg var guten ein tur til utlandet. I all løyndom drog han til ein tidlegare aust europeisk by for å få ei oppreinsking på lekamen. Full renovering! Som [...]
Den lokale ryktebørsen lever sitt eige liv, og dei siste prognosene frå den kanten seier at Fennefossbrua ikkje vert opna før lauvet sprett og auren vakar. Dette er feil. Moisund.com he i morgontimane i dag vore i kontakt med sentrale personar i prosjektleiinga og fenge stadfesta at så langt tyder alt på at brua vert [...]
Jon Omland tek eit aldri så lite kvileskjer. Dette melder Otra IL på sine heimesider. I 23 år he den spreke pensjonisten vore leiar av sykkelgruppa i det lokale idrottslaget. No vil han at yngre krefter skal sleppe til. Det er ei svært aktiv sykkelgruppe som no heidrar sin leiar sidan oppstarten i 1987. Både [...]
Elevane som denne veka hadde musikkveke på Kyrkjebygd skule fekk trorsdagen eit uventa besøk. Midt i undevisninga dukka Askil Holm opp med gitaren over skuldra. Namsosguten som vart kjend som ein av dei fire i «De Nye Gitarkameratene» var på vitjing i Åseral i samband med eit inspirasjonsseminar. Då han høyrde at det [...]
Det vart på mange måtar eit historisk møte i heradstyret denne fredagen. Det er no 50 år sidan dei to kommunane, Hornnes og Evje, vart samla til eitt rike – og samstundes samla seg under ei felles demokratisk styreform. Diskusjonane he vore mange. Såra he vore djupe. Nye generasjonar [...]
Den interkommunale samskipnaden, Setesdalsmuseet, vart gjenstand for hard kritikk i samband med ei referatsak i heradstyret på Evjemoen fredag ettermiddag. Det var den røynde politikaren, Aud Helene Austegard (bilete),som fyrst sette fyr på bålet. Ho fekk langt på veg støtte hjå partifellen Dreng Homme. Austegard meinte vår eigen kommune fær lite att for alle dei [...]
Tonje Haugjord Refsnes (bilete) og Hanne Cecilie Nicolaisen er to lovande handballspelarar. Båe representerer handballgruppa i Otra IL og er no teken ut på regional landslagssamling. Eit uttak som vitnar om jenter med stort talent for eigen idrott og ei ljosande framtid på handballbanen. Landslagssamlinga, for jenter fødd i 1994 / 95, vert skipa til [...]
Erik Risdal (53 ) he lukkast som forretningsmann. Klår tale og klåre meininger utan innpakking i korkje bomull eller silkepapir. Ein mann det stend respekt av langt utanfor røystekrinsen. Erik eig- og driv verksemda «Indo Tre as » på Evje. Han importerer trevirke frå m.a. Indonesia. I fyrste rekkje Teak og Merbau. Også indonesisk furu [...]
Parfyme og godlukt gjeng aldri av mote. Populære gåver både til åremålsdagen- og til jolehøgtida. Det som nok er ein ny trend er at no er det like mykje mannfolka som dusjer seg med godlukt frå små flasker. Det gamle etterbarberingsvatnet er på veg ut av baderomshylla. Ekte mannfolk bruker fransk [...]
Agder Rasefjørfeklubb kan igjen med glede vise noen av de fineste rasefjørfe som er i Norge. For utstillerne ligger det mange timers arbeid bak det å stille ut fjørfe. De begynte allerede i fjor høst med å ta ut avlsdyr. Tidlig på vinteren gav de avlsdyrene god og næringsrik mat slik at de skulle ha [...]
Heradstyret i Evje & Hornnes tek sete fredag den 6. november. Mange spanande og tunge saker er ført opp på møteplanen. Økonomirapport, busetjing av flyktninger, økonomisk støtte til Otrahallen og Evje kyrkje, aksjehandel i Setesdølen, endring av 17. mai feiringa og ikkje minst stadfesting av nye, lokale stadnamn og adresser. Moisund Elvebredd, Sandbekk og Stemhei [...]
Hovudkomiteen for Landsskyttarstemnet 2009 var samla til oppsummeringsmøte på Evjemoen tysdag kveld. Oppsummering og avslutning. No er ringpermane og dokumentmappene innelåst på ein høveleg stad. Dei vil ikkje sjå dagsljos før i 2019. Då er det truleg klart for eit nytt skyttarstemne ved foten av Steinsfjell. Eit fantastisk arrangement ligg bak oss. [...]