Kva skjer?

    Ingen hendinger er registrert
Logo

Arkiv

 

mai 2012
må. ty. on. to. fr. la. su.
« apr    
 123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031  
logo-gsi

No ventar dei på snø- og OL

Otra sine lokale hoppstjerner deltok sist helg på det siste plasthopprennet denne sesongen. Tevlinga gjekk føre seg i Brattåsen i Arendal. No venter våre lokale idrottstjerner på vinter- og snø. På bilete ser du Glenn Qvam Håkonsen (f.v. ), Håkon Helgesen – og den evig unge Jon Terje Hegghaug. Helgesen syner seg å vere Aust [...]

Vellukka jaktkveld attmed åna

Det var fullt hus i grillstova attmed den gamle fergeterminalen på Moisund då det vart beden inn til jaktkveld. Mis­jonær, kokk og jeger Alf Halvorsen for­talde om spanande jak­t­turar på Mali. Korleis dei innfødde lagde våpna sine sjølve, med hjelp av rattstammen frå ein bil- og deler frå ei Kinesisk lommelykt. Handverk på sitt beste. [...]

Mannen i månen

For meir enn 40 år sidan sende amerikanarane folk til månen. Astronautane vassa rundt på den støvete øveflata og sende beinveges rapportar heim til sine artsfrendar på planeten Tellus. Me sat kring fjernsynsapparata heime på Moi og tok i mot levande bilete frå månen, i to klåre fargar. Svart og kvitt.  Neil Armstrong   helsa møtelyden [...]

Me minner om jaktkveld på Moi

Som tidlegare kunngjort her på nettstaden så vert det skipa til jaktkveld på Moi- onsdag den 21. oktober. Åstaden er i eldstoga til Svein Hannås, berre eit steinkast frå åna. Det vert matøkt, sosialt samver og gode jakthistoriar servert av kokk og jeger Alf Halvorsen. Ring Oddmund Strømstad på tlf 909 39035 dersom det er [...]

Grunnlovsdagen kan vere i endring

Formannskapet i Evje & Hornnes tek sete fyrstkomande tysdag, den 20. oktober. Saksdokumenta inneheld for fyrste gong på lenge ei spanande saksliste. I alle fall einskilde bolkar av den. Rådmannen føreslær at det no skal velgjast ein felles 17.mai- komite for dei to grendelaga. Foreldra til born i 8. klasse vert komite kvart år. På [...]

Helikoptervisning av bustadtomter

I Iveland er dei kjende for å vere kreative. I samband med at eit nytt bustadfelt på heile 121 tomter er lagt ut for sal i Åsen oppanfor Birketveittjønna hadde kreativiteten teke heilt av! Visning med helikopter… Her var det lagt opp til at alle potensielle tomtekjøparar skulle få høve til å sjå tomta frå [...]

Mykje folk på haustmarknad

Laurdag var det igjen tid for det som etter kvart har blitt eit årleg arrangement i Bortelid. For fjerde år på rad var folk samla til haustmarknad i skimetropolen. Vergudane viste seg frå si beste side og folk koste seg i solskinnet. Ei blanding av lokale, hyttefolk og tilreisande gjorde sitt til at [...]

På ein utedass i Engesland

På ei lita rundreise i dalstroka innanfor fann ein det naudsynt å finne ein dass. Trongen var stor og ein tur i skogen med blåberlyng som tørkepapir freista ikkje. Etter ein tur oppetter hovudgata i Engesland, fann me eit skilt kor det stod idrettsplass. Ein kvar arena kor det vert drive med sport [...]

Sagførar og godseigar

Han er fødd og oppvaksen med sagflis i håret. Han er døypt i Hornnes kyrkje og i kyrkjeboka stend det truleg Olav Hornnes. På ein hyttetur til Tveit i 1976 fekk han tilnamnet ”Plank”. Ein seremoni me skal halde innafor den næraste venekrinsen. Sidan den gong he guten vorte kalla ”Plank,” og utanfor kommunegrensa [...]

Det er noke heilt særskilt med Bjøro

Ja, det vart ein festkveld med Bjøro Håland. «Mental Helse  Setesdal» i hop med Sanitetsforeninga på Evje- og kommunane Evje & Hornnes, Bygland og Iveland skipa til festkveld på Furuly.  Festsalen vart meir enn full. Omlang 130 mennesk benkja seg ved langborda. Det vart servert kaffe og skuffekake så lengje møtelyden kunne svelgje unna. Det [...]

Takke seg til Samyrkjelaget

I samband med deltakinga på pressekonferanse under annonsering av vinnaren av årets Nobelpris fekk me erfare at borte kan vere greit, men at det framleis er best heime. Me var innom ein daglegvarebutikk av typen Rema 1000 på Lamberseter i Oslo. Her hadde det lokale Mattilsynet i Setesdalen kome med kjetting for å stenge av [...]

Anleggsperioden vert noke forlenga

Foto: Geir Dåsvatn

Arbeidet med å forsterke Fennefoss Bru, øve åna på RV 9, vert forsinka. Den oprinnelege planen var at arbeidet skulle vere ferdig omlag samstundes med at ordføraren held nyårstalen på Dyrskuplassen på Evje. Nye oppfordringer he dukka opp. I fylgje anleggsleiar, Knut Asbjørn Koland, vonar dei å vere ferdig med det [...]