Når dagen begynner med en kjøretur oppover dalen, med en god blanding av «Guttane», Alan Jackson og nittitalls-pop over høytalerne, fortsetter med en omgang «Ku – bingo», høyballkonkurranse og låvegospel på Hodne, med påfølgende snadderloff på Pølsebua, for deretter å bli kjørt hjem i en bil til femtenhundre kroner av en kar som skal så [...]
Det dukker stadig opp feriebilete frå sambygdinger på reise i inn – og utland. I redaksjonen set me umåteleg pris på slikt. Einskilde bilete vert sensurert av omsyn til dei næraste pårørarnde, men som vanleg så er ikkje sensuren særleg streng i redaksjonslokala på Moi. Biletet du ser her er det me kallar eit fullverdig [...]
At folk feirer gullbryllaup vert meir og meir sjeldant. Etter regelen er det meir vanleg i dag å byte ut ektemaken etter nokre år. Hjå den eldre generasjonen er det nok heller tradisjon å halde i hop » i gode og onde dagar.» Slik har det og vorte for Åsulv og Bjørg på Moi. [...]
Ein kjend mann i Iveland, Evje og Hornnes. Audun Myhre var tidlegare sokneprest i desse sokna. Ein mykje omtykt prest. No er ungguten klår for nye oppdrag. I dag vert Myhre presentert som den nye generalsekretæren i Sjømannskyrkja. Ein organisasjon med 32 kyrkjebygg i rekneskapen – og med små og store kyrkjelyder i meir enn [...]
Årets prestasjon er eit faktum. Arne Mjåland har lagt ut på siste etappe til Lindesnes etter å ha sykla frå Nordkapp. I og med at Arne har hatt sumarjobb på Skibsplast i sine yngre år, var det naturleg at det vart ein stopp her. Fleire av dei tilsette stilte opp og ynskja guten lukke til [...]
Svein Salve Lislevand he vore ute meir enn ei vinternått før. Den røslege karen veit kva han talar om. Det skal han i alle fall ha. I desse dagar er han i full sving med å slå gras langs riks – og fylkesvegane i distriktet. Lislevand er påpasseleg med å setje opp varslingsskilt i vegkanten, [...]
Knut Albert Hauan, og kjærasten Heidi H. Hauan, søkjer Evje & Hornnes kommune om å frådele våningshus, uthus, garasje og 12 mål av Moder Jord frå eigedomen dei eig i hop på Landsverk. Det er rådmannen som er sakshandsamar i denne saka. Han innstiller på å gjeve løyve til frådeling men tykkjer 12 mål jord [...]
Han var ein kjend mann i gatebiletet på Evje midt på 70-talet. Jarl Egil Berget. Rak i ryggen og sleivete i beinføringa. Heilt tilfeldig treff me han att etter vel 30 år. Guten er omtrent den same i dag. Hårfestet he flytta seg eit par tomar lenger opp på hovudet. Humøret er det [...]
Redaksjonen vitja sist veke Hovden i samband med det fyrste «Setesdalsting» i moderne tid. Ei slik hending må sjølvsagt kringkastast ut til folket. Det he gjenge gjetord om at Bykle kommune er ein av dei beste kommunane i heile landet når det gjeld breibandsdekning. Her er det snart breiband på utedassen (for dei få som [...]
Helga 20. – 21. juni vart det skipa til mineralmesse i Ivelandshallen. Eit unikt samarbeid mellom Iveland kommune og Sørlandets Geologiforening. Ei tiltak så positivt at mange røynde fagfolk alt talar om at dette må gjentakast. Mykje folk var innom hallen, då me var tilstades, på laurdag føremiddag. Omlag 25 utstillarar frå Noreg – og [...]
Når ein skal møte ein rådmann så er det nok mange som ser føre seg ein traust herremann som he passert både den fyrste- og den andre vekstalderen. Sjokket vart difor stort då eg møtte den nytilsette rådmannen i Bygland kommune. Ei sprudlande og triveleg ung jente. Trine Grønnbekk er 34 år gamal, men he [...]