Kva skjer?

    Ingen hendinger er registrert
Logo

Arkiv

 

mai 2012
må. ty. on. to. fr. la. su.
« apr    
 123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031  
logo-gsi

Bytingbekken frå Åmli vann volleyballtevlinga

Foto: Geir Daasvatn

Like sikker tradisjon som ribba til jolemiddagen er den årlege volleyballtevlinga i Otrahallen. Kvart år i romjola vert det arrangert ei tevling for å kåre meistaren i volleyball for dalstroka innanfor. I år var det laget «Bytingbekken» frå volleyballbygda Åmli som vann. «Non Stop» frå Vennesla vart nr. 2 og «Hornnes [...]

Mykje folk på KRIK si romjolstevling i fotball

Det var nærast fullt på tribunen i Otrahallen då Krik arrangerte fotballtevling på tredje joledag. Heile 19 lag-og rundt 130 spelarar var påmeldt. Dette he etter kvart vorte ei prestisjetung tevling kor lag frå heile landsdelen deltek. Jentanne, Balagarba`s rekrutter, Team Appelsinhud, Kvarstein Sletta, Brus/Sennep, Postmannssønnan og Anonyme er nokre av namna på laga. Alle [...]

Meister for sjette gong!

Jon Morten Hornnes tok, på bitte lisle jolaftan, heim tittelen for sjette gong av åtte moglege. Krinsmeister i hesteskokasting for dalstroka innanfor. Det såg lenge ut til at den røynde kastaren skulle verte slegen av sin eigen son dette året, men då nervepresset var på sitt mest intense så synte Jon Morten kven som framleis [...]

Resultatsørvis- Bowling

Den populære turneringa «Bowling er gøy,» som he vorte skipa til i lokala til Evje Bowling denne hausten, tek no ei velfortent pause. Like etter nyårsskiftet vert det høgtideleg premieutdeling og ein sosial kveld der idrottsheltane kan mimre eit grann om sesongen som no ligg bak dei. I januar vert det starta opp ein ny [...]

Slatan frå Åseral vart nr.2 i NM

Harehunden «Slatan» som til dagleg held hus i hop med med Odin Refsenes, fekk denne helga ein heiderleg andreplass under NM for småhunder i Bø. Hunden he matskåla sentralt plassert på kjøkenet i Stabakka bustadfelt, Kyrkjebygd, Åseral. Me he tidlegare omtalt denne hunden som ein reinrasa fuglehund, men he no innsett at ein Beagle tilhøyrer harehundrasen – den [...]

Vannpolo eller vannvolleyball?

Sist veke var redaksjonen ein tur nedetter Audnedalen. På Ågedalstø, før me kom til Konsmo, vart me vitne til ein noko spesiell idrottsbane. Midt ute i åna var det plassert eit nett. Det minna mest om eit volleyballnett, men me stussa noko øve grunntilhøva. Om det er ein eigen divisjon  for volleyball i vatn som [...]

Samarbeid gjev gode resultat

Normalt så er ein vande med at idrottslag, fotballklubbar, lag og foreininger ofte klagar sin naud til kommunen og til lokale politikarar når pengeskrinet er tomt. Fotballklubben Start kan vel vere eit døme på ein slik ukultur. Eit pengeforbruk som er hinsides all fornuft. Ei lokal «losje» med blankpolerte firmabilar og særs høg sigarføring. På [...]

Volleyballturnering i romjula

Når pinnekjøtet er eten opp, glasbollen med riskrem er tom- og du he slurpa i deg den siste rest av ribbefeittet, då er det tid for idrott og fysisk aktivitet. Lekamen treng rørsle. I tråd med god tradisjon vert det og i år skipa til volleyballturnering i romjula. Åstaden er Otrahallen på Hornnes, og stemneleiar [...]

Bowling er gøy - serien

Her finn du resultat frå kampane som vart spela denne veka. [...]

Handball er i skotet

Otra Idrottslag, med 1148 betalande medlemmer, leverer i desse dagar ei spenstig årsmelding på heile 79 sider. Stemninga er god- og aktiviteten er stor i laget. Handball er no den største undergruppa i Otra IL med 323 medlemmer.  I sesongen 2009 / 2010  he klubben med 26 ulike lag i seriespelet, og er såleis ein [...]

Bowling er gøy – turnering i to divisjonar

Resultatservice. Inspirert av ein lokal noregsmeister, og med regn og haustflaum kring hushjørna, ligg tilhøva vel til rette for topp innsats i den lokale bowlingturneringa » Bowling er gøy.»  Moisund.com held bygdefolk, og resten av idrottsnoreg, oppdatert på dei siste resultata.

[...]

Bowling er gøy- turnering i to divisjonar

Medan skifolket boltrar seg i nysnøen på Beitostølen, så er det full aktivitet i bowlingkjellaren hjå Asbjørn Haugen på Verksmoen.  Idrott på eit høgt sosialt nivå. Turneringa som vert kalla «Bowling er gøy» samlar mykje fin, røynd idrottsungdom. Her kan du sjå resultat frå veke 46. Både1. divisjon og 2. divisjon.

[...]

Side 15 av 16« Fyrste...1213141516