I samband med det siste møtet i heradstyret i Evje og Hornnes kommune før påske, ynskja ein av representantene å markere Bondelaget. Ein samskipnad kor denne karen sjølv er lokallagsleiar. Tidlegare høgremann og noverande senterpartimann, Lars Reidar Vasland, delte ut egg til kvar og ein av dei 21 folkevalde. Ordføraren medrekna. Bodskapen var klinkande klår. Om berre 20 år vil det vere 6 millon mennesk i Noreg – og desse treng mat kvar einaste dag. Korleis ein skal tyde fargesamansetjinga på egga er ei anna sak – Tre raude, eit blått og eit grønt! Var dette ein politisk bodskap frå ein senterpartimann (eller høgremann – he vore) ?
Her er eit billete frå Aust-Agders vestgrense heit ydst i Moi valkrins.Grensa er tydeleg markert, men har ikkje på noko vis grensevakt. Det er heller ikkje naudsynt av di ein ikkje treff folk her på årevis. Frå toppen her stupar det ned mot Mandalsåna. Særeleg lenger vest i fylket kan ein ikkje koma. Mygleknuten i bytet Evje/Hornnes og Marnardal. (tekst og foto: Knut Ljosland)
Gardstunet på Skaiaaheia ligg høgt og fritt. Næraste nabo er fleire kilometer unna. Når Steinar, og kona Liv Sissel, sit i badestampen på trammen kan dei sjå til både Loland, Røyknes – og Nomelandsdammen. På stille sumarkvelder kan dei høyre Setesdalsbanen på si historiske reise nordøve dalføret. Steinar kallar dette livskvalitet. Me finn ikkje ord i det norske vokabularet som dekkjer livet på Skaiaaheia betre enn dette. Steinar Aasen er meir talefør enn dei fleste. Velfødd, høgreist, glimt i augo – og meir enn vanleg gjestfri. Les meir»
Tekst og foto: Jan Olsen. Me trefte Indira for fyrste gong i februar 2010. Ho sat i ei plastbalje og leikte i eit skur med jordgolv. Her budde ho, og det ho eigde av materielt gods og gull, var eit par truser og nokre T-skjorter. Det var ikkje dei såkalte sosialistane som kom Indira til unnsetning, men eit lite dugnadsprosjekt frå Setesdal, ”Sykler til Cuba”. Indira fekk sko og klede frå containeren. Me bygde hus til familien hennar, ikkje noko palass, me ville truleg kalt det ei lita hytte, men eit hus på 24 kvm med betongtak. Der kan ho og lillesystera sove tørt og trygt uansett ver. Les meir»
Som avslutning på påska vert det no meldt om snø i fjellet med slut og regn i dalstroka innanfor. Påsketuristar som reiste på fjellet for ei dryg veke sidan med sumardekk vil difor kunne få problem med å kome seg trygt heim att. Alt frå i kveld vil det skye til og gjere køyreforholda dårlege. Er ikkje du skodd for vinter er difor rådet å pakke saman bilen så snart som mogleg å ta til på heimveg. Kan hende rekk du heim før snøveret byrjar…
Dei heile byrja eigentleg for to år sidan. Den vesle redaksjonen i nettavisa www.moisund.com skulle på reportasjetur til Pisa i Italia. Eit vulkanutbrot på Island, med tilhøyande oskesky, gjorde til at ein ikkje kom lenger enn til Hirtshals. No var tida igjen mogen for reportasjetur. Flysete var tinga til London og det var ingen signal om vulkanutbrot som kunne øydelegge dette. Dagen før avreise kunne eg lese i ymse aviser at Norwegian hadde problem med å skaffe personell til å styre spakane på flygemaskinane. Sjåførane sat heime på trass. Misnøgde med løna. Det var nettopp dette flyselskapet me hadde tinga plass hjå. Det var difor med stor uvisse at me reiste til Kjevik denne fredagsettermiddagen. No ville det ha seg slik at lukka spelte på lag med dei tilsette i redaksjonen denne gonga. Les meir»
Han kom skrikande til verda, to dagar før sambygdingane på Tonstad feira nasjonaldagen i 1957. Sidan den dagen he Geir Magne Feed stort sett vore i rørsle frå morgon til kveld. Idrotten tok tak i den vesle lekamen i ung alder – og denne interessa he fydd han som ein skugge heile livet. Ein livsstil – meir enn ein hobby. Kjærleiken til ei evjejente var heilt avgjerande for at han etter kvart busette seg i meir urbane strok, på Evje. Les meir»
Tekst og foto: Geir Daasvatn. Moisund.com har tidlegare skrive om det lokalhistoriske industrieventyret som ligg godt gjøymd i dei vakre heiene og skogane på Øvre Flottorp i Grindheim i Audnedal kommune. Eventyret var ”Undalen Molybdengruver”, som starta opp gruvedrift på staden i 1916, men vart nedlagt berre tre år seinare. Verdskrigen var slutt, og etterspurnaden etter molybden til våpenproduksjon sank som ein stein. Spora etter gruva har vorte meir og meir borte etter kvart som skogen har vakse til. Men no har nokre lokale entusiastar gjort sitt for at eventyret skal kome fram i dagen igjen. Les meir»
Ver gild og tak vare på tomflaskene etter påskefeiringa. Ja sjølvsagt kan du levere dei attende på kolonialforretninga og få pant – men i dag he me beint fram eit mykje betre forslag. Ein dugnadsgjeng, tilhøyrande Evje Undomskule, er i desse dagar i sving med å førebu ein klassetur til Polen og Tyskland. Reisekassa må fyllast opp og elevane tek no til med eit omfattande dugnadsarbeid slik at at budsjett – og rekneskap kan setjast opp med positivt forteikn. Like etter påske, onsdag 11. april, vil dei kome rundt i bygda og samle inn tomflasker. Me oppmoder alle til å take godt i mot ungdomane – og vonleg he du ein pose med tomgods som kan omsetjast i klingjande mynt. Kven minnast ikkje kor moro det var på skuletur. Minne for livet.
Gamal tradisjon seier at ein skal på fjellet i påska. Om ikkje skiparet he vore nytta tidlegare så skal det smørast opp når denne høgtida kjem. Tidleg vår og heller lite snø kring husa gjorde at årets påsketur saman med barnebarnet gjekk til dyreparken i Kristiansand. Ei flott oppleving for liten og stor. Noko å tilrå for andre. Me traff og rikskjendisen Olav Åsland i parken. Han lova fullt fres i parken – heile påska. Dyra og dei tilsette var alle førebudd på storinnrykk. Sjå opningtider med meir på www.dyreparken.no.
Det tok ikkje mange minutta etter at pylsegryta var varm og kaffien var på kok før det synte seg å vere noko trongt med parkering på Grønemyr, ein dryg kilometer nord for Moisund stasjon – he vore. Aldri he så mange folk teke turen til kiosken som berre he ope ein dag i året. Aldri he omsetnaden vore så stor. Aldri tidlegare he det vore mogleg å få meir for ein tiar! Pallevis med smågodt, Mexikanske matvarer, solbriller, hermetisk frukt, asparges, vesker og ikkje minst pylser vart omsett denne dagen – heilt utan matmoms og andre unyttige avgifter. Slik er det på Grønemyr og slik he det alltid vore! Rekordomsetnad tyder det same som rekordunderskot. Tja kva gjer no det seier gjengen smilande, det er jo berre den eine dagen i året. Sjå bileteserien på neste side… Les meir»