Logo
Maskinsalg Honda1

Kurs hausten 2010

bygdefolkets logo

Bygdefolkets Studieforbund

Landbrukstilskot

Netthandel

september 2010
m ti o to f l su
« aug    
 12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
27282930  

Foto Flickr

Kronprinsvitjing114

Kronprinsvitjing113

Kronprinsvitjing112

Kronprinsvitjing111

Kronprinsvitjing110

Fleire foto

Panelhvitt

På sida no:

  • 1 Medlem.
  • 14 Gjester.

Moisund-avisa i 4308 eksemplar

Det er travle dagar hjå Setesdalstrykk på Evje når ei ny utgåve av Moisund-avisa skal klargjerast. Eit opplag, før ei mogleg utviding av nedslagsfeltet, på 4308 eksemplar på glansa papir. Helge Stokkeland (bilete ) driv, og eig, verksemda i hop med Knut på Bø. Saman med dugande medarbeidarar produserer dei det aller meste av trykksaker. Alt frå små visittkort  og fargerike brosjyrar- til aviser og komplette bokverk. Stokkeland he omlag 25 års røynsle med trykksverte og kompliserte trykkerimaskinar. Ein fagmann det gjeng gjetord om øve store delar av Sørlandet. Ein streng sjef når artiklar og bilete skal godkjennast før dei kjem på trykk i moisund-avisa. Helge vil ikkje prente kva som helst. (foto: moisund.com ) Les meir>

Kven er desse gutane?

Kan du på ein eller annan måte hjelpe oss med namn på desse spreke gutane som var ute og gjekk på ski den 16. januar i 1930. Bilete er teken av den vidgjetne fotografen Johan Fennefoss. ( Utlånt av Alf G. Kjetså ) Bruk kommentarfeltet dersom du he forslag til namn på ein- eller fleire av gutane.

Kjell Moi var ein framifrå skihoppar

Den store idrottsgallaen i Otrahallen er no historie. Mange fekk blanke medaljer og heiderleg omtale i blitzregnet på scena. Det var ikkje plass til alle. Dersom ein blar eit grann i gamle aviser så syner det seg raskt at det og skjuler seg mange idrottsheltar blandt gutane og jentene som du t.d. møter på ein heilt vanleg  handletur til Dåsnes. Kjell Moi og Salve Arild Uleberg er to av desse som truleg he ei verdfull premiesamling heime på peishylla. I løyndom.  Resultatlista på  neste side ber bod om nettopp dette. Les meir>

Ein skuffande start...

Redaksjonen kom i dag til Amsterdam. Me hadde høyrt at dette var staden for joleljos og drog difor ut på jolehandel. Her he dei eit eige distrikt som vart kalla «Red light distrikt» som vistnok skal vere opplyst som jolaftan, heile året. Ikkje ei einaste ljospære var til sals! Der stod det lettkledde kjerringer på rekkje og rad i stoveglasa, men trur du nokon var viljug til å selje ljospære?!!! Nei,  det ser ut til at me gjeng mot ei mørk jolefeiring på Moisund dette året. Så langt he difor turen vore ein fiasko. No he me teke sete på ei lokal kaffesjappe og et jolekake Brune, søte jolekaker…slikt he dei meir enn nok av!

Køyrelærar med særs gode resultat

Når elevane skal take den endelege, og avgjerande, praktiske prøva for å få motorsykkellappen må dette skje Kristiansand. Kjell Reidar Sømme er stolt av resultatet sitt. I fjor hadde han ein strykprosent for elevane sine på berre 7 %. Dette var best av samtlege køyreskular som førte elevane sine fram til eksamen hjå Biltilsynet i Kristiansand. Han kan med rette vere stolt av resultatet. Kjell Reidar Sømme, busett i Honnemonen på Moisund. Han driv Agder Trafikkskule i hop med kåna si, Vigdis Moi Sømme. Ei verksemd like solid som sjølvaste Voreheia.(foto: moisund.com ). Les meir>

Gjestelista for kongeleg etegilde

Mange brikker skal leggjast i det store puslespelet som det er når kongelege gjestar vitjar bygda. Ordføraren må lufte bunaden, pusse sylja og skrive tale. Terje Stifoss må vaske politibilen, drille mannskapa sine og sjølv må han finne fram dei kvite hanskane og gallauniformen. Alf Morten Tallaksen stiller truleg til etegilde i lysande uniform, tilhøyrande Raudekrossen. Så vert det og spanande å sjå om direktøren på Trebyggeriet , Sigbjørn Daasvatn,fær børsta av seg høvelflisa før han set seg til bords. Vil Anne Gundersen stille i raud- eller gul kjole ? Vil representanten for Nedre Setsdal Rideklubb, Liv Hansen, stille i ridebukser med tilhørande ridepisk ? Spursmåla er framleis mange. Lurer du på kva andre lokale heltar som skal ete løpse og drikke traktekaffe i hop med det kongelege reisefyet, så finn du svaret her. Som fyrste norske avis kan moisund.com presentere ei komplett gjesteliste. Les meir>

Kva er historia bak dette biletet

Dette bilete syner eit bygg som, i farne tider, vart oppført på Evjemoen- og som seinare vart øydelagt av brann. Veit du noke om dette- og kor på Evjemoen bygget stod. Me er takksame for all informasjon, og du bruker kommentarfeltet dersom du he ei meining om dette. ( Bilete utlånt av Oddmund Strømstad)

Fottur til Fennefossmasta

Lørdag 28. august arrangerer folkehelsegruppa i kommunen fottur til Fennefossfjellet. Oppmøte er ved Hornnes barneskole kl. 1100. Det er håp om stor deltakelse og det blir garantert gøy. ( foto: Otra IL )

Bordplasseringa er klar

Tysdag kjem Kronprinsparet til bygda. Det he lenge vore eit ope spursmål om kven som skal ha Mette Marit som borddame. Moisund.com kan no avsløre denne løyndomen. Det er den røynde røyrleggjaren- og orienteringsløparen Harald Aas som skal ete jamsides med Kronprinsessa. Så lyt me alle be ei stille bøn om at han ikkje søler brun saus på slipset - eller kvelver det høge glaset med sprudlande drykk i fanget på Mette Marit.. Harald må beint fram oppføre seg som folk...