Kva skjer?

    Ingen hendinger er registrert
Logo

Arkiv

 

mai 2012
må. ty. on. to. fr. la. su.
« apr    
 123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031  
logo-gsi

«Wunderland» – eit verd i miniatyr

Pass deg for snøskred og dårleg is!

Neste veke er det vinterferie for skuleelevar i dalstroka innanfor. Andre delar av landet er alt i gong med sin ferie denne veka. I samband med dette vert det meldt om stor skredfare i fjellet og ein må samstundes vere forsiktig ved kryssing av vatn og vassdrag. NGI (Norges Geotekniske Institutt) har oppretta ei eige heimeside kor ein kan sjå kor snøskredfaren er størst www.snoskred.no  . Dersom ein i tillegg tek turen innom NVE sine sider med iskart - vil ein vonleg vere betre budd når ein skal ut på skitur i fjellet. (Arkivfoto: moisund.com)

Aldri he drivstoffprisane vore så høge…

Oppfølging av rovdyrforliket

(Arkivfoto: moisund.com)

Pressemelding frå Senterpartiet. Aust-Agder Senterparti krever at Stortinget ber Miljøverndepartementet (MD) forholder seg til rovviltforliket inngått juni 2011. Måten MD har omgjort Rovviltnemnda i region 2 sitt vedtak om gaupejakt er under enhver kritikk, og bidrar til et økt konfliktnivå og mindre respekt for forvaltningen. Senterpartiet mener MD her overkjører Rovviltnemnda på en uakseptabel måte, og dermed bryter rovviltforliket. Rovviltforliket peker tydelig på at rovdyrforvaltningen skal bygge både på vitenskapelig og erfaringsbasert kunnskap. Les meir»

Med nettkamera på rådhusveggen

Om det er for å kunne halde betre greie på når dei tilsette kjem om morgonen – eller dreg heim om kvelden, skal vere usagt. Åseral kommune he no fenge eit nettkamera, festa i toppen av gavlen på rådhuset, med utsyn over Kyrkjebygd og Lognefjell. Nettkamaraet oppdaterast med nytt bilete kvart einaste minutt og gjer det mogleg å fylgje med på vêr og tilhøva utanfor kommunehuset. Om du sit i Grokleiv, Stabakka eller London. Stemplingsur er ikkje lenger naudsynt!

Historisk årsmøte i Evje og Hornnes JFL

Årsmøtet til Evje og Hornnes JFL på Furuly fredag 17.2 vart på fleire måtar eit historisk møte. Foreininga som vart stifta i 1976 – fekk sin fyrste kvinnelege leiar, Monica Waldal. Monica, som opphavleg kjem frå Engerdal, er busett på Evje og har hatt fleire verv i foreininga dei to siste åra. Som kvinnekontakt har ho jobba hardt for å prøve å få aktivisert kvinner med jakt og fiskeaktivitetar. På årsmøtet fekk foreininga og sitt fyrste æresmedlem, nemleg den vidgjetne fangstmannen Alfred Moseid. Les meir»

Vil du ta sjukepleieutdanning lokalt – hausten 2012?

Velkomne til informasjonsmøte tysdag 21.februar kl. 17:00 på SVG Hornnes. Setesdal, Lister og Lindesnes regionane og Universitetet i Agder (UiA) skipar til nytt distriktsvennleg sjukepleiestudium som starter hausten 2012. Så sant det blir nok deltakarar – minst 5 frå regionen, vil det bli ein undervisingsstad knytt til ei av avdelingane til Setesdal vidaregåande skule. Vi inviterer potensielle søkjarar til å kome på informasjonsmøte tysdag 21.februar kl. 17.00 på Setesdal vidaregåande skule, avd. Hornnes. Les meir»

En takk til verkstedeieren på Esso Hornes!

Arkivfoto: Odd M. Strømstad (Strømstad Bil&MC Service)

LESARBREV! På vei fra Grimstad til hyttehelg på Brokke stoppet vi kvelden onsdag 1. februar ved Jokerbutikken på Hornnes. Der ble vi gjort oppmerksomme på at vi hadde flatt bakdekk! Heldigvis for oss viste det seg å være verkstedeieren på Esso Hornnes som gjorde oss oppmerksomme på dette. Han åpnet velvillig verkstedhallen selv om det var lenge etter stengetid og fikset både ventil og dekk i en fei. Maken til hjelpsomhet skal en lete lenge etter! Vi har tenkt flere ganger på hvor heldige vi var som møtte på en slik vennlig og service-innstilt mann akkurat der og da. Vi vil gjerne få takke for hjelpen igjen, dere er heldige som har så hjelpsomme folk i bygda!  - Hilsen familien Sætren

Mener Barth-Eide må ta regningen

Agder KrF reagerer kraftig på at regjeringen forsøker å legge kostnader knyttet til Forsvarets skytestøy over på Evje og Hornnes kommune.  Forsvarsaktivitet er et statlig ansvar og fylkesårsmøtet i Aust-Agder KrF krever at staten tar regningen for de støydempende tiltakene slik at utviklingen i Evje og Hornnes kommune kan fortsette, skriver Agder KrF i en vedtatt resolusjon fra partiets årsmøte.
KrF peker på at Evjemoen leir ble lagt ned i 2001 fordi man ikke hadde bruk for leiren, inkludert skytefeltet. Kort tid etter ble det tatt opp aktivitet på skytefeltet og i 2005 vedtar Stortinget nye støyregler som også omfatter skytefelt.  Les meir i Agderposten

 

Alt klart for bustadbyggjing på kinotomta

Slik vert det sjåande ut, det nye bustadkomplekset på kinotomta på Evje.

Finn Thomassen ,ein av investorane i det nye bustadprosjektet på kinotomta, seier dei endeleg er i mål med prosjektering – og godkjenning av det nye bustadkomplekset. Etter ein 4 år lang prosess er no alt ferdig stempla, underskriven og godkjend. Salet av dei 18 leiligheitene tek til om kort tid.

Nytt storløp av Svenn Reiersen

Nett heimkomen frå skirenn i Italia la han denne sundagen i veg på ei ny knallhard skitevling. Sauebonden, frå Tveit i Hornnes, Svenn Reiersen (bilete ) teikner no til å verte det nye skistjerna i Otra IL.  I ei vanskeleg løype, med høg fart og stupbratte bakkar, leverte Reiersen eit nytt storløp. Høvringen 2012 vart på mange måtar det endelege gjennombrotet for Reiersen. På tida 1 time, 21 minutt – og 59 sekund passerte han målsnora etter 23,4 tøffe kilometer.
Åse Gullsmedmoen, Otra IL, vann ein suveren siger i dameklassa (51 – 55 år) på tida 1 time- og 19 minutt. Me nyttar høvet til å gratulere dei båe. ( foto: moisund.com )

Kommunal volleyballtevling

Laurdag ettermiddag vart det skipa til kommunal volleyballtevling i Otrahallen på Hornnes. Mykje godtfolk var samla. Pedagogar, grøftegravarar, einingsleiarar, lækjarar, jordmødre, bornehagetilsette – og sjølvsagt Olaf Volland, frå Kjetså. Det vart tevla på to ulike banar samstundes, og stemninga var stundom høg og laussluppen. Dei fleste avdelingene i Evje & Hornnes kommune var tilstades på idrottsbanen. Mange uttrykte likevel stor undring øve at ikke Evje ungdomskule var å finne på deltakarlista. I fylgje truverdige kjelder  så er det mange høgt utdanna – og høgt dekorerte idrottsfolk på løningslista på nettopp denne skulen. Dei valde sofakroken og mista såleis ei stor idrottsoppleving.
Det var stor stemning på ein fullsett tribune – og duskedamene gjorde ein flott innsats på sidelina. Eit flott arrangement som vart avslutta med ein stilfull bankett på ei skjenkestove i meir sentrumsnære område. Der var ikkje pressa beden. ( foto: moisund.com ) Les meir»

Side 20 av 276« Fyrste...10...1819202122...3040506070...Siste »