Kva skjer?

    Ingen hendinger er registrert
Logo

Arkiv

 

mai 2012
må. ty. on. to. fr. la. su.
« apr    
 123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031  
logo-gsi

Stor auksjon i Åseral

Auksjon3Sundag 26. juli er det klart for auksjon på garden Åmland i Åseral (ca.6 km nord for Sveindal).Stort og spanande vareutval frå eit gamalt dødsbu er for sal. Kommodar, skåp, benk, border, stoler, lamper, trunker, klokker, kryddersett, vaskesett, boller, trau, jerngryte steintyg, glas, mynter, frimerke og mykje anna. Auksjonen starter kl 11:00 med visning frå kl 10:00. Matsal og telt for både sol og regn. Har du spursmål kan du ta kontakt på telefon: 97572450 eller 90094996.

Dans på skuleplassen

Kyrkjebygd SkuleLaurdagskvelden er det klart for dans på skuleplassen til Kyrkjebygd skule i Åseral. Veret avgjer mykje kring opplegget, og skulle det verte regn, ja så vert det konsert i fleirbrukshallen. Sogelaget vil selje rjomegraut og spekemat, kaffe og kake. Musikken stend Rock & Rote for. Les meir»

Ann Louise vart beste norske!

BowlingDen sjette internasjonale bowlingturneringa på Evje vart avslutta på sundag. Rundt 100 deltakarar frå heile landet samt to profesjonelle spelarar frå USA har dei siste 11 dagane tevla om å reise heim som vinnar av «Evje Open International 2009″. Petter Hansen frå Sollie Bowlingklubb vann herreklassen medan Kelly Kulick frå USA vann dameklassen. Ann Louise Haugen Andersen som har vakse opp i bowlinglokala på Evje tapte med knapp margin i finalen mot den amerikanske jenta, men vart trass alt beste norske dame.  Les meir»

Framleis liv i den gamle stasjonsbyen.

FramsidaI ungdomen, då ein stundom tok buss til byen, ja då var det heilt obligatorisk med ei pause på Kile kafe. Kaffe, røyk – og sjølvsagt høve til naudsynt vasslating for dei som kom frå øvst i dalen. Det er framleis liv i den gamle kaffestova. Du fær framleis kaffe, servert i sponsa pappkrus, levert av ein eller annan velviljug leverandør. Arild Omestad, og kona Inger Lise,  er vertskap i den tradisjonsrike bygningen. No er dei inne i sin mest travle periode. Les meir»

Mykje folk på auksjon

Auksjon3Sundag vart det skipa til auksjon på Hom i Hornnes. Det var nok mange honndølar som aldri hadde høyrd om staden Hom og langt mindre viste kor denne staden låg. Med skilting attmed riksvegen tok det ikkje lang tid før folk fann fram til dette lisle huset i skogen. Etter kvart vart det så mykje folk at det røynde på med både parkeringsplass og sitjeplass. Me var innom for å få med stemninga og kunne raskt stadfeste at prisnivået på antikvitetar er høgt i dag. Les meir»

Sparebanken forlenga sponsoravtalen.

sponsoravtale1I samband med jordberfestivalen, no på laurdag, vart det kunngjort at Evje & Hornnes Sparebank forlenger sponsoravtalen med Otra idrottslag. Dette kom truleg ikkje som noke stor øverasking på dei frammøtte. Sparebanken he vore hovudsponsor heilt sidan 1982. Ein svært viktig samarbeidspartnar i det lokale kulturlivet. Den nye avtalen, som no vart underskreven, gjeld for 3 nye år. Idrottslaget vil få 120 000 kroner kvart år i avtaleperioden. Banksjef Kjell Omland til venstre på bilete. Den andre guten er ein tydeleg nøgd leiar i Otra IL, Finn Bjørn Rørvik. (foto: Geir Dåsvatn )

Menighetstur til Åpta.

Masi 08 014Solfrid Abusdal er leiar av soknerådet i Hornnes. No vil dei to sokneråda i kommunen på tur til Åpta. Det heile skjer i september månad, nærare bestemt frå den 18 – til den 20. Få dagar før elgjakta, og såleis vanskeleg å finne ein god grunn for å halde seg heime. I fylgje programmet, som nyleg kom redaksjonen i hende, er det lagt opp til eit spanande og omfattande program. Program for både store- og små. Les meir»

Evje Open International 2009

Laurdagskvelden vart det spela finalar i  «mix double». Sjå video frå tevlinga her:

Redaktøren er klar til sending på 107.6 Mhz

Radio 2Kjell Omland he vore ansvarleg redaktør  i Radio Evje heilt sidan oppstarten for 25 år sidan. Han kan sjå attende på 25 aktive og ikkje minst strevsame år. Ei solid stamme med ivrige dugnadsfolk he halde liv i den omtykte nærradioen. Programkomite, teknikarar, telefonvakter og programleiarar. Det er mykje som skal klaffe for å få hjula til å gå rundt. Han veit kva han talar om, Kjell Omland. Banksjef i snart ein heil generasjon he lært han mykje om  dette med å byggje opp ei verksemd – frå botnen av. Stein for stein. I dag kan han presentere Radio Evje som ei verksemd med solid økonomi. Les meir»

Traktoren vert verande i bygda.

Tractor_P12597Så er det avgjort. Spaninga er utløyst. Otra idrottslag he solgt lodd i lang tid i forkant av jordberfestivalen. Meir enn 3800 lodd he skifta eigar. Festivalsjefen, Geir Magne Feed, er svært nøgd med resultatet. Naudsynte kroner er på veg inn i klubbkassa. Desse går m.a. til drift av eit fantastisk løypenett på Høgås skianlegg. I år-som i fjor, var det ein plentraktor som var hovudgevinsten. Med svært god hjelp frå Maskinsalg på Evje let dette seg gjere.  Jordberfestival er lagarbeid. Den heldige vinnaren av denne staslege køyredoningen heiter Arild Ramse. Ekte evjegut. Fødd-og oppvaksen på Sindremoen. Me gratrulerer.

15 år med jordberfestival

Bjørn RopstadKlokka 10:00. På slaget vart ordførar Bjørn Ropstad introdusert øve høgtalarane på utsida av Sparebanken. Det var klart for offisiell opning av årets festival i Evje sentrum. Mørke tunge skyer i alle retninger. Himmelkvelven var beksvart. Ikkje ein stol var oppteke. Ikkje eit menneskje å sjå. Dette teikna ikkje godt for årets jordberfestival. Dei einaste tilhøyrarane var ein representant frå den lokale pressa, samt friviljuge som skulle selje jordber og lodd. Aldri nokon gong tidlegare he vel ordførane tale for ei skrinnare forsamling i samband med ei offesiell opning. Museums-opning inkludert. Les meir»

Oddmund skapar bylgjer hjå vitskapen.

DSCF4459Oddmund Strømstad gjeng ikkje mange steg bort frå stoveglaset utan at han he med seg fotograferingsapparatet. Dette he resultert i mange fine bilete frå vårt langstrakte land.  Nyleg var han og kjærasten,  Ingveig,  på biltur til meir nordlege himmelstrok. Mellom anna køyrde dei den vidgjetne Atlanterhavsvegen.  Ein ettermiddag i sist veke rigga dei seg til for ei aldri så lita rastepause på Averøya i Møre og Romsdsal. Kloss attmed riksvegen. Les meir»