Kva skjer?

    Ingen hendinger er registrert
Logo

Arkiv

 

mai 2012
må. ty. on. to. fr. la. su.
« apr    
 123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031  
logo-gsi

17. mai programmet for Byglandsfjord

På Byglandsfjord tek feiringa av nasjonaldagen til alt kl 08:00 med flaggheising ved skulen. Årdal kykje og Årdalshallen vert deretter staden der folk vert samla denne dagen. Tidlegare ordførar og noverande rektor på KVS-Bygland, Ole Magne Omdal er hyra inn for å ta seg av tale for dagen under folkefesten. Sjå heile programmet her. Les meir»

Iveland kommunehus – sertifisert som miljøfyrtårn

Av Finn Terje Uberg:  Iveland kommunehus ble sertifisert som Miljøfyrtårn 21. desember 2011.
Dette ble markert torsdag 3. mai 2012 ved overrekkelse av diplom! Det har over tid vært stor entusiasme og iver blant mange av de ansatte på kommunehuset for å bidra til at kommunehuset fikk denne utmerkelsen. Det var derfor stor jubel da ordfører Gro-Anita Mykjåland overrakte diplomet til tjenesteleder Egil Mølland i forrige uke.  Les meir»

Glenn Qvam Håkonsen vert ny leiar for Agder og Rogaland Skikrets.

Guten som berre for ei dryg veke sidan vart rikskjendis då han deltok i programmet «Kvelden er din» på TV2 er no klar for nye utfordringar. Glenn er frå før leiar i Otra IL og skal no ta over som leiar av Agder og Rogaland skikrets. Me vil sjølvsagt nytte høvet til å ynskje den vel omtykte guten lukke til!

Kommunal kontantstøtte

Kommunestyret i Evje og Hornnes kommune vedtok i møte 9.12.2011 sak 82/11 å innføre kommunal kontantstøtte for 2-åringer fra høsten 2012. Kommunal kontantstøtte ytes i tråd med statlige satser per 01.01.2011. Ordningen med kommunal kontantstøtte innføres fra august, samtidig som den statlige kontantstøtten for toåringer fjernes. Kommunal kontantstøtte ytes for barn mellom 2 og 3 år som er bosatt i Evje og Hornnes kommune, og som helt eller delvis ikke benytter seg av barnehageplass. Les meir.

Ikkje kast vinterkåpa eller helsetrøya di ..

Fredag 11. mai vert det på ny eit himla spetakkel kring bedehuset på Moi. Det er klart for den årvisse innsamlinga av nye, brukte – og velbrukte sko og klede til våre naudlidne vener i Russland. Pakk ned kva du ikkje he bruk for. Legg det greit i ei pappøskje og skriv på utsida kva som skjuler seg på innsida. Både sko og klede må vere reine og fine – og sjølvsagt godt brukande. Søppel og skrot leverer du på avfallsanlegget eit par mil lenger nord i dalføret. På Moi stend eit veltrimma mottaksapparat klart til å fylle ein stor trailer med naudhjelp. Gun Hannås vil steike «lapper» med tilhøyrande jordbærsylt – Stein Godtfredsen koker kaffe, bakar Moseid på Mosby he sponsa åkke med ei uhorveleg stor blautekake, og det lokale næringslivet he levert gåver og gevinster til ein hei-dundrande basar. Du kan alt no byrje å pakke i heimen, og me ser ingen grunn til at det ikkje skal verte smekkfullt i Moi – sentrum denne ettermiddagen. Me byrjar kl 18:00. (foto av Kari Irene Godtfredsen: moisund.com )

Les meir»

Vil DNA-teste alle siktede

For å oppklare flere overfallsvoldtekter, vil KrFs Kjell Ingolf Ropstad fra Evje DNA-teste alle som blir siktet av politiet, uansett sak. Forslaget legges i dag frem av programkomiteen i Kristelig Folkeparti. Partiet er bekymret over den lave oppklaringsprosenten for overfallsvoldtekter. I mars i år var kun én mann tatt etter 96 overfallsvoldtekter i Oslo. Les meir.

Kalvedalen, Åseral – 9. november 1944

MOLS kjem ut med singel 9. mai!

Musikkgruppa «Mols» med Evjeguten, Alf-Gunnar Pedersen i spissen, gjev ut si fyrste singel onsdag 09.mai. Forutan Pedersen på gitar og vokal finn ein og i gruppa Anders Brandvold på trommer, Kurt Laursen på gitar, Dag Frode Urtveit på perkusjon og Michael Peter Nysæther på bass. Singelen er støtta av Cultiva Express og spelt inn i hjå Bjørn Stiauren, kjend frå Åsmund Åmli Band. Vil du vete meir om gruppa kan du sjå på fjæsboka deira her>>

17 mai program for Evje og Hornnes

17. mai programmet for Evje og Hornnes er no klart. Eit tettpakka program som tek til i Evje kyrkje kl 09:30 og som vert avslutta i Otrahallen med folkefesten kring kl 18:30. Les meir»

Reiårsfossen – ei naturperle

Alf Andersen, frå Byglandsfjord, reiser ikkje lenger enn frå stova  og ut på kjøkkenet utan at han he med seg fotografiapparatet. Dette resulterer i mange fotografiske blinksot frå vårt eige nærmiljø. Det er gildt kvar gong me fær tilsendt bilete frå Andersen. Statistikkane våre syner og at innsende bilete frå distriktet er populært lesestoff på moisund.com. Me vil difor oppmode alle trugne lesarar av moisund.com til å sende oss bilete. Dette gjeld om du bur på Evje, på Skarpengland, i Dubai , i Brooklyn – eller på Høversland. I dag fær du servert eit par fargebilete som Alf Andersen he teke ved Reiårsfossen. Les meir»

Norge sett gjennom andre briller

Av Siri Moi: Noe av det jeg synes er gøy med å reise til utlandet, er at jeg treffer mange mennesker fra forskjellige kulturer. Det er gøy å sammenligne mat, språk, tradisjoner, vaner og normer. Mange av dem jeg treffer har kjenskap til Norge og nordmenn, så på den måten får jeg et lite bilde av hvordan folk opplever oss nordmenn fra utsiden. Og ja, vi er faktisk en tanke komiske! Les meir»

Eit eksklusivt radarpar

Tusse (t.v.) & Volland. To vidgjetne,velfødde, etniske  honndølar.  Saman er dei som dynamitt. Fyrstkomande onsdag slær dei til med eit forrykande grillshow framføre jokerbutikken i Dåsnes. Klokka 16:00 skal grillen vere varm, og når dei to matkunstnarane severer sine gastronomiske høgdepunkt vert det truleg folkefest i den vesle handelsbyen. Gratis mat plar trekke skodelystne frå heile røystekrinsen – og frå Åseral. I tilleg till velsmakande mat, og tilhøyrande drikke, vert det tidtrøyte  av ulike slag. For både born og vaksne. Krinsmeisterskap i bildekk-kasting bør så avgjort samle mykje folk, både deltakarar og publikum, på stemneplassen. I sentrum for det heile finn me altså radarparet Tusse & Volland. Dei håpar på reine folkevandringa til Dåsnes fyrstkomande onsdag – og ber alle som kjem om å take med seg kvar sin stol. Dette vert eit bordsete det vil gå gjetord om i lang tid frametter. (foto: moisund.com )

Side 3 av 27612345...1020304050...Siste »