Trass i nabokrangel med Forsvaret , ei utvida støysone – og full aktivitet i skytefeltet på Evjemoen så tek det til å skje eit og anna i Evje sentrum. Entrepenørane sviv i ring rundt den gamle trehusbebyggelsen og det er nok berre tale om timar før desse gamle bustadhusa er jamna jamna med jorda. Det er nøyaktig to år sidan Evje & Hornnes kommune la ned store ressursar i den mykje omtala «Plansmia.» Fagfolk frå inn – og utland slo seg i hop for å teikne eit bilete av det nye handelssenteret. Planane er omfattande – og arkitektane treng god plass for å få plassert nye flotte signalbygg i sentrumsgata. Det skal opnast opp for utsikt til Otra, delar av Stamvegen / RV9 skal senkjast ned mot vassflata -og gjerast om til miljøgate – og store område i Evje sentrum vert sjåande ut som ein blomehage. Endeleg tek det til å skje noke.(foto: Alf Andersen ) Les meir»
I Vest-Agder er det framleis kvotefri gaupejakt slik det har vore dei seinare åra. Det er i grannefylket, i aust, at det vert store positive endringer. Gaupejakta tek til 1. februar – og i løpet av dei neste to månadane kan ihuga jegarar skyte så mange dyr dei vil innanfor dei aktuelle kommunegrensene. Årsaka til at det no vert inført kvotefri jakt er m.a. at det tidlegare er vedteke at det ikkje skal ver ynglande gaupe i dette området. Det nye vedtaket gjeld kommunane Evje & Hornnes, Bygland, Iveland, Birkenes og Lillesand.
Ein understreker at sjølv om gaupejakta no er kvotefri – så er det framleis slik at jegeren omgåande må melde frå til viltstyresmaktene når eit dyr er avliva.
I dei øvrige kommunane i Aust Agder ( i tillegg til 4 kommunar tilhøyrande Telemark) , Rovviltregion 2 / jaktområde Vest 2 – er det framleis kvotejakt. Her kan det fellast totalt 4 dyr. Du kan lese heile den offisielle kunngjeringa her. (foto: moisund.com )
Bondelaga på Agder tek no i bruk ei heilt spesiell vaffelrøre for å få hardbarka stortingsfolk i tale. Nyleg vart den mykje omtala Stortingsmelding nr 9 – Landbruksmeldinga sendt ut på høyring. Snart er det tid for dei årvisse jordbruksforhandlingene. Bondelaget tek no i bruk ein heilt ny type lokkemat for å få stortingspolitikarane på «kroken.» Høgremannen Svein Harberg var nyleg innom Bondelagskontoret og fekk dekka dagsbehovet av både proteiner og karbohydrater.. (foto: øystein moi ) Les meir her.
Ingen innbyggjarar he auka gjelda si meir enn dei som bur i Iveland. Og på fylkesnivå er det bebuarane i Vest-Agder som er dei mest ihuga lånekundane. Iveland toppar lista øve kommunar som he hatt den høgaste gjeldsveksten dei 10 siste åra. Der he den personlege gjelda auka med heile 204,3 prosent. I denne kommunen he bustadprisen hatt ein kraftig vekst dei siste åra. Les meir om dette i Fevennen. (foto: moisund.com )
Etter ein periode med dårleg vasskvalitet frå vassverket i Grendi syner no det siste prøveresultatet at vatnet har ein særs bra kvalitet. Med det kan vatnet frå kranene drikkast utan å måtte koke det. Dersom det er brukarar som har tappa lite vatn frå kranene sidan 4.januar bør ein tappe ut omlag 30 liter før vatnet vert nytta til konsum. Bygland kommune er svært takksame for den tolmoda som brukarane av vassverket har synt i den perioden arbeidet med å finne feilen har pågått. Alle husstandar som er råka, vil få fylgjande skriv levert.
Knut Karlsen er tidlegare sjef for Forsvarte si avdeling på Evjemoen. Ein røynd fagmann som kjenner spelet kring nedleggjinga av militærleiren betre enn dei aller fleste. Karlsen er ikkje det minste i tvil om korleis utviklinga, og den fastlåste situasjonen i kommunen no må løysast. I ein kommentar på moisund.com i dag skriv han dette: «Forsvaret bør vekk fra bygda. De valgte selv den løsningen i 2001. De et et hinder for utviklingen idag, og vil bli det enda mer i fremtiden. De gir 1 1/2 arbeidsplass samt noe handel og leieinntekter for EN A/S. Kjevik kan øve på Kjevik og HV kan øve i Rogaland. Skal de være her må støyen være «lovlig» samt arbeidsplasser som monner. Husk: Forsvaret er i dag ikke primært for landet, men som et politisk instrument for en regjering.» ?
Kva meiner du om denne kompliserte saka – som er så umåteleg viktig for vidare utviling i bygda vår ? (Foto:moisund.com)
Varaordførar i Evje & Hornnes, Finn Bjørn Rørvik, landa tidleg fredag ettermiddag på Kjevik etter ein snøggtur til hovudstaden. Her var han ein del av ein delegasjon som møtte leiinga i Forsvarsdepartementet for å finne ei løysing på støyproblematikken i samband med skytefeltet på Evjemoen. Rørvik seier dette var eit nyttig møte og at dei no er kome i ein god dialog med sentrale personar i departementet. Ein kan likevel stadfeste at sjølv om det ikkje vart protokollført nokon konklusjon etter møtet – så stend partane framleis langt frå kvarandre. (foto: privat) Les meir»
Trubadur, entrepenør og forretningsmann Kåre Tjessen sel seg no heilt ut av verksemda Evje Trelast as
PRESSEMELDING!Evje Bygg Invest AS selger i første kvartal 2012 samtlige aksjer i Evje Trelast AS til E.A.Smith AS. I forbindelse med eierskiftet har Evje Trelast med virkning fra årsskiftet gått ut av Montèr kjeden, og blir samtidig medlem av den landsdekkende Bygger’n kjeden, som eies og driftes av E.A.Smith AS. Som ledd i eierskiftet vil Tormod Flystveit tiltre stillingen som ny daglig leder fra februar 2012. Tormod har tidligere vært ansatt i Evje Trelast i over 22 år og herunder også vært daglig leder i virksomheten.E.A.Smith AS er en landsdekkende distributør av byggevarer, trelast, verktøy, stål, metaller og armering. Firmaet, som har en historie som går helt tilbake til 1869, har i dag ca 500 ansatte og en årlig omsetning på ca 2,6 mrd. Hovedkontor ligger i Trondheim, med avdelinger over stort sett hele landet. (foto: moisund.com )