Redaksjonen he vore i kontakt med dei lokale vegstyresmaktene i kommunen og he fenge stadfesta at vegen ved Rysemoen på Hannåsfeltet ikkje vert rytta før neste onsdag (7. desember). Dette skuldast at det må setjast inn ein hogstmaskin, og at denne ikkje vert tilgjengeleg før då. Les meir om årsaka til stenginga her>>
Ingen vegstrekning på Sørlandet he vel fenge slik ein hard medfart av stormen som vegen øve Hannåsfeltet. På Rysemoen må ein hente inn hogstmaskin for å rydde etter stormen sine herjingar. Berre på ei strekning på kring 100 meter kunne ein telje 30 tre som låg øve vegen. Under alle desse trea ligg det ei telefonlinje. Tidlegare var det luftlinje her, det er det ikkje lenger. Kor lang tid det vil ta før dei fastbuande igjen skal få telefon og nettsamband er ukjend. Det vert stille i heimane dei neste dagane i området som heller ikkje he mobildekning… Les meir»
Det he no vorte tradisjon for at gymnastikksalen på Eiken skule er full når det vert arrangert jolecountry. Alt to og ein halv time før det vart låt i steelgitaren byrja det å fyllast opp i køen. Prinsippet om fyrstemann til mølla er gjeldande i Eiken. Gordon Mote, velkjend countrystjerne frå Amerika saman bluegrassbandet Paradise Mountain Boys frå Hedmark, var med på å gjere dette til ein minnerik kveld i Eiken. Folk byrjar alt no å tale om jolecountryen til neste år! (Foto: Tom Arild Støle, Farsunds Avis) Les meir»
Aldri tidlegare he det vore så mykje folk tilstades på basaren til «Englevingen» på Evje. Slik gjev sjølsagt og rekord i omsetnaden óg. Heile kr 72 000,- kom inn i løpet av basaren. Pengar som skal nyttast i eit menigheitsprosjekt som vert drive ac NMS i Santa Fé, Brasil. I løpet av det tre timer lange arrangementet var det forutan utlodding og tale ved Helga Mosland Raen og song ved Inger Lise Stulien og Knut Kjetil Møen. Englevingen melder attende at dei er svært takksame for frammøte og ei stor gjevarglede. Les meir»
Laurdag ettermiddag vart det skipa til ein stilfull fest, på Fløyheia i Arendal, for plakettmottakarar tilhøyrande 4H i Aust Agder. Her er bilete av mottakarar frå Setesdal. F.v. Knut Haugå Kasin - Framsteg 4H i Bygland, Lill Therese Stålesen - Symra 4H på Engesland, Katrine Haugom - Grobotn 4H på Hornnes, og Birgit T. Jore - Erla 4H i Valle. Me gratulerer med heiderleg innsats. (foto: Trond Haugom )
Inger Lise Stulien og Knut Kjetil Møen saman med barnekoret, holdt på torsdagskvelden konsert i kyrkja på Evje i samband med slepp av plata «Heime te jol». Barnekoret fekk samstundes øverekt kvar si CD plate frå ordføraren. Det var skikkeleg jolestemning hjå dei kring 300 frammøtte. Ein flott konsert vert det sagt. Les meir»
8. og 9. klasse ved Kyrkjebygd skule i Åseral skal i mai/juni 2013 på tur med ”Hvite busser”. Elevane står på for å få realisert turen, og fredag 25. november var det basar på Åseral rådhus. Godt og vel 120 personar, både åsdølar og utanbygds, møtte fram til den årlege ”kjøttbasaren”. Risgraut, kaker og kaffi sto på menyen. Åresalet gjekk unna, og dei som hadde vinnarlukke fekk med seg mykje fint heim. ”Alt frå kjøtt til nostalgi” sto det i annonsen for basaren. Så her var alt frå ½ gris, fenalår, pinnekjøt, skinke . . . til klokkestreng, puter, vottar, gryteklutar osv. Basarkomitèen kan opplysa om at dei fekk mykje fint frå ymse firma til basaren, og er svært takksame for all sponsinga. Litt underholdning med ”nostalgisk” vri blei det, ”basargutane” song og ”basarpikene” kora i bakgrunnen. I tillegg var det ei trekning med gevinstar av den gode gamle sorten, der mykje fint handarbeid blei spreidd rundt om til dei åsdølske heimane . . . Ein gild kveld med sosialt samvær og høg spenningsfaktor . . . Ja, det er moro på basar!! Les meir»
Teks og foto: Finn Terje Uberg.Det er en tradisjon for levekårsutvalget å invitere ungdom fra kommunen til sitt siste møte for året. Ungdom som gjennom sin aktivitet har gjort seg bemerket på en positiv måte. I år ble følgende ungdommer invitert: - John Salve Eieland – Skytter - Synnøve Knutsvik – Synger og spiller piano - Mai Britt Berge – Friidrett (Mai Britt var dessverre forhindret fra å møte)Les meir»
Moisund.com 26. november 2006:Med jamt mellomrom framøve vil portalen leggje ut bilete av ordførarar i landsdelen i ny drakt. Etter at ordføraren i Iveland kom ut av skåpet og hevda han hadde vore frosk i sitt tidlegare liv, spring ordførarar nå om kapp ut av skåpa! Hald fram med å sende inn bilete, dette gjeld og dei ordførarane som sende inn bilete av seg sjølv for å sanke stemmer til valet neste haust… me lover å beskytte kjelda!Sjå meir her>>
Fredag kveld var det tid for tenning av jolegrana i Evje sentrum. Gradestokken synte ein plussgrad og det var slut i lufta. Det var vel årsaka til at det var lite folk som hadde teke turen til sentrum for å høyre hornmusikken spele jola inn. Etterpå var det basar på Pernille. Her var det mange som tok turen med vona om å vinne ei kransekake eller kan hende eit mål med ved!. Det er skigruppa i Otra IL som stend bak det årlege arrangementet i sentrum, og dei kunne nok tenkt seg noko bedre vér. Les meir»