Sjølv om mange i dalstroka innanfor reknar 25. september som «den store dagen», så er det for ein del i dag den nye tidsrekninga byrjar. På lokalradioen vart det i dag proklamert at elgjakta tek til i «kystnære strøk». Om Svindal og Evje skal reknast som «kystnær» fær nå kringkastinga sjølv stå for. Dette er [...]
Er elgjakta ein viktig faktor for å bevare miljøet? I følge eksperter slepp elgen ut så mykje drivhusgass med fising og raping – ja så mykje at dei gjer mer skade enn bil i ei vanleg hushaldning gjer. Kan hende det er dette som gjer at mange er så ivrige med å delta på elgjakta? [...]
Morgondagen er for mange høgdepunktet for året. Større enn sjølvaste jolekvelden. 25. september er dagen då elgjakta tek til i dalstroka innanfor (nokre stader er datoen 5.oktober). At denne dagen betyr mykje for mange er det ikkje tvil om. Heile 14% av innbyggjarane i Agder løyser årleg jaktkort, og mange av desse er elgjegerar. Dette er [...]
Jaktlaget på Torsland fekk i går ein fin okse under elgjakta. Heile 10 taggar kunne ein summere med då oppteljinga var ferdig. Det var den unge, framleis lovande og svært så røynde jegaren, Erik Røysland som klarte å lokka til seg den brunstige stuten. Guten som og er ein lovande gitarist i gruppa 4 Weel Dryve [...]
Me he tidlegare oppmoda folk om å sende inn bilete frå elgjakta, og no byrjar folk å vakne. Det treng ikkje berre vere bilete av den største elgoksen eller den minste elgkalven. Fine naturbilete, stemningsrapportar og andre innslag frå naturen og jakta tek me i mot med vyrdnad. Ei god jakthistorie set me sjølvsagt pris [...]