Programmet i samband med vitjinga til kronprinsparet fyrstkomande tysdag er klart. Alt kl 11:10 vil dei vere tilstades i Setesdal Mineralpark på Hornnes. Etter dette vert det eit tettpakka program i dei neste tre timane med vitjing på Evjeklinikken og fengselet. Det er venta stor trafikk og vanskelege parkeringstilhøve i tidsrommet. Difor er det sett opp gratis buss [...]





