Fredagskvelden vert det invitert til ein festaften på Minne Kultursenter i Åseral. Annbjørg Lien, Kirsten Bråten Berg, Leiv Solberg og Rune Klakegg er alle velkjende namn innan folkemusikken, alle er dei tilstades på Minne denne fredagskvelden. Ein konsert med songar frå vår norske songskatt og kulturarv, – som ”Blåmann, blåmann bukken min”, ”Eg heiter Anne Knutsdotter” [...]
Den irske artisten Andrea Rice vil i sommar nok ein gang turnera i Noreg. I løpet av 5 veker vil ho halda 26 konsertar rundt om i bygder og tettstader. Sundag 17. Juli kl 18:00 vil Andrea og hennar musikarar halda ein ”The Best of Ireland Folk & Ballad” konsert i eplehagen på Minne kultursenter i Åseral (Åseral [...]
Laurdag 4. juni kl 13:00 opnar arkeologisk utstilling om folkevandringstida på Minne kultursenter i Åseral.Utstillinga er eit ledd i Vest-Agder fylkeskommunes arbeid med formidling av fylkets forhistorie, og bygger på eit samarbeid med Kulturhistorisk museum (Universitetet i Oslo) og Nationalmuseet (København) om utlån av lokalt gjenstandsmateriale. Utstillinga har blitt til gjennom eit samarbeid mellom fylkeskommunen [...]
Laurdag var dagen som mange åsdøler hadde sett fram til. Dette var dagen då Minne Åseral Kultursenter skulle opnast. Det meste av ordførarar i landsdelen var tilstades, Knut Austad medrekna. Det heile byrja med ein lunsj i fleirbrukshallen for innbedne gjestar før dørene til hallen vart opna for alle og ein kvar. Etter ei innleiing [...]
I samband med at Minne Åseral Kultursenter opnar fyrstkomande laurdag er det for tida hektisk aktivitet i området. Onsdag vart ein stein på 19 tonn lyfta på plass i eplehagen. Dette vil i framtida vere scena for ulike arrangement i eplehagen på Minne. Steinen kjem opphavleg frå Ljosland. Elles kan dykk her sjå litt av korleis [...]
Den 26.juni opnar Minne, Åseral kultursenter. Me he i dag fått stadfesta at Kari Røynlid he takka ja til stillinga som «vert» ved det nye senteret. Kari er i dag tilsett som plan og miljøleiar i Evje og Hornnes kommune, men vil så snart oppseiingtida er øve ta til med arbeidet på Minne. Med dette vil [...]
Det meste er no ferdig på Minne Kultursenter i Åseral. Lars held på med å strekkje dei siste leidningane til sikringskåpet. Birger og damene he vore til byen og handla inn møbler. Gogg og damene he vaske ned. Snart vert det skipa til fest i kommunen sitt nye kulturbygg. Medan Kilden i Kristiansand fær ein prislapp på minst [...]
Opningsdatoen for Minne Kultursenter i Åseral er no klar. Den 26. juni vert snora til det nye kulturbygget klypt. Staden vil då i dei neste halvannan månaden huse den årlege bygdeutstillinga i tillegg til faste utstillinger som skal vere på plass. Naturexpo vil ha ansvaret for den daglege drifta og dei lover eit spanande program [...]