2002 – 2014

Bålpylse og kaffi då ny basestasjon på Skarheia vart opna

Folk som er busett i Linjord og på Kittelstad har dei siste åra missa meir og meir kontakt med omverda. Dei har ikkje på noko vis gjort forsøk på å isolera seg, men teknologien har diverre vorte fråverande i det lisle bygdesamfunnet. Det var før! No har dei opplevd eit teknologisk framsteg utan sidestykke. Medan […]

I dag er det fest i Linjord og på Kittelstad!

I dag vert det pylse og bål i det lisle bygdesamfunnet mellom Kylland og Mjåland sør i Åseral. I eit område som har vore utan mobilsignal, breiband og fasttelefoni einskilde stader er det no kome ei ny mobilmast på plass. Ikkje berre ei ordinær mobilmast, men ei mast som leverar 4G. Telenor sette mobilmasta i […]

To basestasjonar frå Telenor er ute av drift i Åseral.

Me har no fått stadfesta at det er feil ved to basestasjonar (Bortelid og Lognavatn) som gjer at mobildekninga i nordaustre del av Åseral er ute. Korkje mobilsamtaler eller naudanrop er mogleg i dette området for tida. Telenor arbeidar med å få ordna feil, men reknar med at det ikkje er i orden før måndag. […]

Datakommunikasjonen i fare…

Rett sør for avkøyringa til Eikerapen i Åseral heng det eit tre over telefonlinjene. Ryk denne så er nok heile Åseral avskjerma frå omverda. Risa he fjerna sin part av treet, men samhandling er eit ukjent ord her. No ventar ein berre på at Dreng dreg på seg hogstbuksene igjen… (Foto: Leif Rune Evje)

[…]

Telenor he no redda livsnerva til Tveit

Etter omtalen på moisund.com he no den øvste leiinga i Telenor teke hand om saka. Midt i problema i India dukka det opp ei vanskeleg sak på Rysemoen. Ein debatt om kven som hadde ansvaret for fiber og kopar raste på nettet. Her var det naudsynt med handling, og handling vart det! Kven som til […]